Jobber for at Hordaland skal bli datalagringsfylke

– Vi har overskudd på elektrisk kraft i Hordaland og ønskjer å vere foroverlente når det gjeld å bruke krafta til produksjon i Norge, framfor å sende kraft til utlandet, seier fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme.

På initiativ frå samarbeidspartnarane Hordaland fylkeskommune, Invest in Bergen og BKK blei det i dag arrangert møte om korleis ein kan legge til rette for framtidige datasenter i fylket. Senter for datalagring er ei relativt ny næring som gir store moglegheiter for nye arbeidsplassar. Ordførarar, rådmenn, plansjefar og eigedomssjefar frå kommunar i heile fylket deltok i møtet på fylkeshuset.

Interesse i kommunane

Hordaland fylkeskommune sette i haust av 2 millionar kroner til arbeidet med utvikling av datalagringssenter og betre fiberstamnett. Datalagringsnæringa er kraftkrevjande. Dette set krav til energitilgangen der dei skal lokaliserast. Feire kommunar i Hordaland har vist si interesse og meldt inn aktuelle areal for etablering av datasenter.

Eit av konkurransefortrinna for kraftindustrien på Vestlandet er at den er fornybar.

– Energi er ei av næringane vi er sterke på samstundes som det har utviklingspotensiale. Nabofylket vårt, Sogn og Fjordane, er også veldig gode på energi. Ettersom vi snart skal jobbe endå tettare, er det viktig at vi allierer oss med dei i dette arbeidet, seier Kvamme.

Datalagringssenter.JPG

Datalagring er ei kraftkrevjande næring. På vestlandet kan den driftast med fornybar energi (illustrasjonsfoto).

Ambisiøs målsetting

Fylkeskommunen har eit regionalt mål om at datasenterindustrien skal vere under etablering innan 2020. Kvamme understreker at marknadsføring og godt samarbeid i regionen er viktig.

– Vi skal posisjonere Vestlandet og levere lokasjonar med høg kvalitet. God og målretta styring er sentralt for å få dette til. Fylkeskommunen er ambisiøse på vegne av vår region og den nye regionen.