Idrettsstipend til fem talent

Hordaland fylkeskommune har tildelt utviklingsstipend til fem lovande utøvarar og heidra 13 utøvarar for særleg gode resultat i år.

Utviklingsstipenda vart delt ut på Hordaland fylkesting i dag av Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvart stipend er på 30 000 kroner. 

Desse fem fekk utviklingsstipend:

  • Casper Stornes – triatlon (Askøy) 19 år
  • Anna Dorthea Espevik – styrkeløft (Tysnes) 19 år
  • Martin Roe – friidrett 10 kamp (Bergen) 25 år
  • Marte Heggertveit – symjing (para) (Bergen) 18 år
  • Sven Martin Skagestad – friidrett kast (Bergen) 22 år

Hordaland fylkeskommune har kvart år sidan 1994 tildelt utviklingsstipend til unge lovande idrettsutøvarar frå Hordaland. Målet er å gje utøvarane høve til vidare utvikling og stimulans innan den aktuelle idrettsgreina. Fylkeskommunen mottok i alt 43 søknader frå 18 jenter og 25 gutar frå 11 kommunar. 20 idrettar er representert.

IdrettsstipendAlle6360.JPG

Desse idrettsutøvarane fekk utviklingsstipenda til Hordaland fylkeskommune: Casper Stornes (f.v.), Anna Dorthea Espevik, Martin Roe, Marte Heggertveit og Sven Martin Skagestad (representert av mora Svanhild Skagestad). Stipenda vart delt ut av Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling. 

Dette er utøvarane:

  • Casper Stornes – triatlon, representerer Askøy sykkel og triatlon klubb. Han har fire topp 20 plasseringar i World cup, 2.plass i NM og er landslagsutøvar med klart mål om OL i 2020.
  • Anna Dorthea Espevik – styrkeløft, representerer Odin Styrkeløftklubb. Ho tok nordisk gull i benkepress med 162,5 kilo og har gull i junior-EM benkepress med 170 kilo.
  • Martin Roe – friidrett 10-kamp, representerer IL Fri. Han har 12. plass i VM 10-kamp i år. Personleg rekord er 8144 poeng. Målet er å ta den norske rekorden på 8160 poeng og etablere seg heilt i verdstoppen i 10-kamp.
  • Marte Heggertveit – symjing (para), representerer Bergenssvømmerne. Ho har 3. plass på 400m fri, 4. plass på 100m fri og 5. plass på 100m rygg i European Para Youth Games (EPYG) i år. HO har mange norske rekordar og NM-gull. Målet er å kvalifisere seg til paralympics i Tokyo i 2020.
  • Sven Martin Skagestad – friidrett kast, representerer IL Norna-Salhus. Han har gull i diskos i U-23 EM i år og 12. plass i OL i Rio i fjor. Han vart kåra til det største idrettstalentet i Hordaland i 2014. Han er noregsmeister i diskos tre år på rad. Mål dei komande åra er EM i 2018, VM i 2019 og OL i 2020. 
IdrettsheiderFossdal6368.JPG

Olina-Karin Fossdal, Fana Kickboxing Klubb, blir gratulert med bronse i kickboksing i VM i Budapest av Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling. Madeleine Lind, Bergen Taekwon-Do Klubb, (t.h.) blir heidra for både gull, sølv og bronse i VM i taekwondo i Dublin. Kathrine Gjestland (t.v.) er mor til Kristoffer Brun, Bergens Roklubb, som tok bronse i singlesculler i VM i USA.

Særleg gode prestasjonar

Hordaland fylkesting heidra og 13 utøvarar for særleg gode prestasjonar i 2017 med eit bilete i Sveinung Iversen sin serie «Idrettsbilete». Dette er for medaljeplassering i senior verdsmeisterskap og verdscup samanlagt, olympiske leikar og verdsrekordar. Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling delte ut bileta.

Desse 13 vart heidra:

  • Håvard Lorentzen, Fana IL, sølv i skøyter sprint, VM Calgary, Canada 2017
  • Sverre Lunde Pedersen, Fana IL, bronse skøyter lagtempo i VM Gangeung, Sør-Korea 2017
  • Sindre Henriksen, Fana IL, bronse i skøyter lagtempo i VM Gangeung, Sør-Korea 2017
  • Kristoffer Brun, Bergens roklubb, bronse i roing – singlesculler lettvekt i VM Sarasota, USA 2017
  • Kristian Blummenfelt, Bergen Triatlon Club, sølv triatlon, VM i Rotterdam, Nederland
  • Olina-Karin Fossdal, Fana Kickboxing Klubb, bronse i kickboksing kicklight – 60 kilo, VM Budapest, Ungarn
  • Madeleine Lind, Bergen Taekwon-Do Klubb, bronse i taekwondo tradisjonell sparring mix, sølv taekwondo mønster 2. dan og gull taekwondo lagmønster, VM Dublin, Irland 2017
  • Marielle Lind, Bergen Taekwon-Do Klubb, bronse i taekwondo tradisjonell sparring mix, VM Dublin, Irland 2017
  • Magomed Naurdinov, Bergen Taekwon-Do Klubb, bronse i taekwondo lagmønster i VM Dublin, Irland 2017
  • Espen Drange, Bergen Taekwon-Do Klubb, bronse i taekwondo lagmønster og bronse i taekwondo mønster 3. dan, VM Dublin, Irland 2017
  • Trine Hammerø, Bergen Taekwon-Do Klubb, gull i taekwondo lagmønster, VM Dublin, Irland 2017
  • Daniel Svae Andersen, Hjellestad Jetski Klubb, gull i aquabike – ski GP 2, VM Porto Cesereo, Italia
  • Vegard Liseth, Hjellestad Jetski Klubb, sølv i aquabike pro/am ski lite, VM Lake Havasu City, USA 2017
IdrettsheiderAlle6397.JPG

13 idrettsutøvarar vart gratulert for særleg gode presasjonar: Håvard Lorentzen (representert ved faren Torbjørn f.v.), Sverre Lunde Pedersen (representert ved sambuar Ingunn Trædal), Sindre Henriksen og Kristian Blummenfelt, (begge representert ved Pia Mørk Andreassen, dagleg leiar i Olympiatoppen Vest), Kristoffer Brun (representert ved mora Kathrine Gjestland), Olina-Karin Fossdal, Madeleine Lind, Marielle Lind, Magomed Naurdinov, Espen Drange, Trine Hammerø, Daniel Svae Andersen og Vegard Liseth. Bileta vart delt ut av Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling.