Hordalending vil vinne NM

– Eg satsar på å vinne NM, men det er mange flinke å konkurrere mot, seier Didrik Hauge (25) frå Fyllingsdalen. Har har kvalifisert seg som deltakar frå Hordaland til røyrleggar-NM 2017 på Lillestrøm 16. til 22. oktober.

Hauge har i vel tre år vore læring i røyrleggarfaget hos Chr. M. Vestrheim i Bergen.

– Far min er røyrleggar. Eg har fått det inn med teskei, så eg tenkte at eg ville bli som han. Då eg var mindre, var eg med han på jobb, men kom bort i skikkeleg drittlukt og fann ut at det skulle eg ikkje bli. På vidaregåande starta eg på Bergen maritime vgs, men gjekk over på sal og service, vg1 og vg2, på Bjørgvin vgs. Deretter tok eg påbygg, vg3, på Fyllingsdalen vgs. Så jobba eg som stuer på Bergen lufthamn. Men etter to år der fann eg ut at røyrleggar ikkje var så gale, seier Hauge. 

Til topps 

Rørentreprenørenes opplæringskontor – Vest plukka ut tre kandidatar til røyrleggar-NM. Hauge gjekk til topps og skal representere Vestlandet.

– Det var kjekt å bli plukka ut. Eg tek det som det kjem i NM. Det kan vere nokon som har meir erfaring og kontroll, men eg går for å vinne. 

Didrik Hauge får travle dagar på Lillestrøm

– Eg skal både delta i NM og avslutte sveineprøva. Det blir to dommarpanel. Eg blir dømt på om eg har gjort alt riktig og om alt er gjort etter mål. Bommar eg med ein millimeter, får eg minuspoeng. 

Stålkontroll 

Hauge har likt seg gjennom læretida hos Chr. M. Vestrheim AS.

– Eg kunne ikkje fått læreplass i eit betre firma. Dei har stålkontroll på alle lærlingane og satsar mykje på dei tilsette. Vi har høg arbeidsmoral. Eg tilrår andre å søkje læreplass her, og eg håpar eg får halde fram. 

Didrik Hauge kan tenke seg å ta vidareutdanning i faget innan klima, energi og miljø (KEM) og bli fagskuleingeniør. Hordaland fylkeskommune tilbyr slik utdanning gjennom Fagskulen i Hordaland.

–  Eg og to til i firmaet har vurdert å gå saman, så vi skal ikkje sjå bort ifrå at det skjer til sommaren. 

Publikum på 45.000 

NM på Lillestrøm skjer under den største byggmessa i landet Bygg Reis Deg, der det er venta eit samla publikum på 45.000.

– Eg trur det skal gå greitt å gjennomføre prøva på scena framfor stort publikum. Eg spelar i band og er van med å stå på scene, men det blir annleis å utføre røyrleggararbeid når publikum kan dømme deg der du står, seier Didrik Hauge. 

Søndag 22. oktober er resultata klare. NM blir skipa til av Rørentreprenørene Norge.