Hordaland satsar på biogass

– Vi har eit stort potensiale for biogass i Hordaland. Det er miljøvennleg energi som kan bidra til reduserte utslepp, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Fylkesutvalet har vedteke strategi for bruk av biogass.

– Det er svært positivt å gå frå fossil naturgass til berekraftig biogass. Den er fornybar og ein del av det eksisterande kretsløpet, seier fylkesordføraren. 

Hordaland fylkeskommune ønskjer å utnytte lokalt tilgjengeleg organisk råstoff lønsamt og klimavenleg, og derved erstatte fossil energibruk. Målet er å auke produksjonen av biogass i Hordaland. I dag blir det produsert 25 millionar kilowattimar (25 Gwh) biogass i året i fylket. Potensialet er nærmare 200 Gwh. 

Produsert i Rådalen

Biogass kan bli laga av alt som rotnar: Matavfall, jordbruksavfall, gjødsel, kloakk, biomasse og avfall frå oppdrettsnæringa. 

Biogassen som i dag blir produsert i Hordaland, kjem frå biogassanlegget til Bergen kommune i Rådalen. Hordaland fylkeskommune har avtale med kommunen om å bruke biogassen i gassbussane i Bergen. I dag går dei på naturgass, som er ei fossil energikjelde. 

Andre som kan bruke biogass er tungtransport, ferjer, båtar og industrien. 

Samarbeid 

Ein fordel med biogass er at den ikkje fører til auka utslepp av CO2. I tillegg er restproduktet jord av god kvalitet, mykje betre enn torvjord. 

Utfordringa er å samle kjeldene slik at dei kan nyttast til biogassproduksjon. Hordaland fylkeskommune vil bygge samarbeid mellom aktørar for å auke kunnskapen om felles prosessering av ulike råstoff som er tilgjengeleg. 

Betre rammevilkåra 

Fylkeskommunen vil fremje best mogeleg rammevilkår for å erstatte naturgass med biogass, til dømes gjennom vegbruksavgifta. Fylkeskommunen ønskjer og å leggje til rette for fylleinfrastruktur for biogass for tunge køyretøy. Rammevilkåra for å utnytte avfall som ressurs ønskjer fylkeskommunen å støtte, mellom anna gjennom krav til sortering av våtorganisk avfall. 

Støtte forsking og utvikling 

Forsking og utvikling innan biogass vil fylkeskommunen støtte gjennom eksisterande regionale ordningar. 

Fylkeskommunen inviterer relevante aktørar i fylket til å slutte opp om mål og verkemiddel i biogasstrategien. Annakvart år skal strategien evaluerast og rullerast.