Hordaland best i Erasmus-klassen

Hordaland er fylket som samla sett får mest midlar til internasjonal utveksling og samarbeid innan fag- og yrkesopplæring frå Erasmus+. Fylket og vidaregåande skular mottar til saman 541 489 euro for perioden 2017-2019.

– Dette er resultat av målretta og systematisk arbeid over tid, gjennom eit tett samarbeid mellom opplæringsavdelinga og regionalavdelinga. Vi har ein plan om å heve nivået ytterlegare for kvar søknadsrunde, seier Kathrin Jakobsen, seksjonsleiar for forsking, internasjonalisering og analyse i Hordaland fylkeskommune.

Fleire år i toppen

– Vi er i tett dialog med brukarane våre i skular, næringslivet og ulike organisasjonar. Dette arbeidet gjer at fleire får auge opp for internasjonalt samarbeid og kva som er mogleg innanfor dette feltet, seier Jakobsen.

Hordaland fylkeskommune har i fleire år vore blant fylka som får mest midlar til mobilitetsprosjekt innan yrkesfag, såkalla VET-mobilitet (Vocational Education and Training).

Samla søknad

Det er Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) som forvaltar Erasmus+midlar i Norge. Den største delen av midlane på 348 954 euro er resultat av ein samla søknad frå Hordaland fylkeskommune på vegne av fleire brukarar. Resten av midlane har komme på grunnlag av direkte søknad frå vidaregåande skular. Til saman 288 personar frå Hordaland skal på utveksling dei to neste åra.

– Vi har ein god dialog med SiU og ikkje minst eit godt samarbeid om å formidle informasjon om utvekslingsordningane til brukarane, seier Svein Heggheim, fylkesdirektør for opplæring. Han rosar også dei vidaregåande skulane, både dei som søkjer på eiga hand og dei som er med i felles søknad, for godt arbeid.

Kvaliteten viktigast

Han legg til at det ikkje er summen av midlar i seg sjølv som er viktigast, men at kvaliteten på prosjekta og utvekslingsopphalda er god. Erasmus+ gjer at elevar og lærlingar i fylket får prøve seg på utanlandsopphald og får utvida sin faglege og interkulturelle kompetanse. Ordninga inneber også at fleire av fylket sine tilsette og samarbeidspartnarar frå næringsliv og organisasjonar, kan dra utanlands for å lære av andre. Dette fører til ny kompetanse som dei tar med seg tilbake til hordalandssamfunnet.