Hordaland får flest hurtigladarar i Noreg

Alle kommunar i Hordaland, med unntak av Fedje, kjem snart til å ha hurtigladarar for elbilar på plass. Med dei siste tildelingane frå Hordaland fylkeskommune blir og Hordaland best i klassen i tal hurtigladarar samanlikna med landet for øvrig. Fylket ligg og høgast i marknadsdel for elbilar.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er glad for denne storsatsinga. 

– Klimautfordringa er den største utfordringa i vår tid, og eit taktskifte i kampen for eit betre klima er heilt naudsynt. Hordaland fylkeskommune skal ta vår del av ansvaret. Det bidreg dette arbeidet til, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Hordaland fylkesting har i år løyvt 10 millionar til klimatiltak. 3,7 millionar går til bygging av desse nye hurtigladepunkta.

Hurtiglading på 15 nye stader

Utbygginga omfattar 27 nye hurtigladestasjonar som blir plasserte på 15 stader i 13 kommunar i fylket. Nye kommunar som får hurtiglading er Granvin, Øygarden, Sund, Fitjar, Sveio og Modalen. Desse seks kommunane har til noe vore utan hurtigladetilbod. I tillegg får ein del stader fleire nye hurtigladepunkt: Voss får åtte nye, Hardanger sju nye, Ostereidet to nye, Indre Arna to nye og Loddefjord to nye. Fedje blir einaste kommune i fylket utan hurtiglading, men har stasjon for normallading.

Fylkeskommunen gjev tilskot til bygging av dei nye 27 hurtigladestasjonane.

–  Tildelinga aukar talet på hurtigladarar i Hordaland med 29 prosent. Alle kommunar i fylket, minus Fedje, får dermed hurtiglading. Denne tildelinga er den største fylkeskommunale satsinga på dette feltet, og Hordaland får dermed det mest omfattande hurtigladetilbodet i landet, seier klima- og naturressurssjef Sølve Sondbø i Hordaland fylkeskommune. 

Reduserer rekkeviddeangst

For fylkeskommunen er dette avgjerande for den vidare satsinga på elbilar og vidare reduksjon av utslepp frå vegtrafikken.

– Ambisjonen vår er at det skal bli praktisk å køyre elbil, og då treng vi eit godt nettverk med hurtigladestasjonar gjennom heile fylket. Fleire hurtigladarar langs dei mest brukte vegane i fylket reduserer rekkeviddeangst og gjer at fleire folk tør velje elbil når dei kjøper bil, seier Sondbø.

Tildelinga skjer etter ei open utlysing der hurtigladeselskapa har konkurrert om å bygge hurtigladarar med lågast tilskotssum. Hurtigladeselskapa står for resten av kostnadane ved utbygginga og seinare drift.

Tar ladegrep

– Det beste verkemiddelet fylkeskommunen har for overgang til nullutsleppsbilar er å bidra til eit godt nettverk av hurtigladestasjonar. Dette ser vi har ført til eit oppsving i sal av elbilar i fylket. Før fylkeskommunen engasjerte seg i utbygginga, låg Hordaland på gjennomsnittet i landet i kjøp av elbilar. Etter at vi engasjerte oss, har Hordaland lege 15-20 prosent over landssnittet, seier Sondbø.

Tal for september i år viser at 52 prosent av nybilsalet i fylket var elbilar og 17 prosent ladbare hybridbilar. Snittet i landet var 32 prosent elbil. For siste kvartal var tala for Hordaland 42 prosent, og 25 prosent i snitt for landet. Totalt er det no 21.000 elbilar, samt 5300 ladbare hybridar i fylket. Hordaland er regionen i verda med høgast sal av elbil i høve den totale bilparken og den regionen i verda med høgast del elbil av nybilsalet.