Hjelper elevar ut i læreplass

– Dette er eit ledd i arbeidet med å hjelpe elevane i overgangen frå skule til lære, seier prosjektleiar Hege Osebakken etter at Hordaland fylkeskommune for fjerde året på rad kursar elevar i korleis dei skal få seg læreplass.

Rundt 60 elevar meldte interesse for kurset.

– Det er ikkje like lett for alle å få seg læreplass. Her er det fallgruver, og mange snublar i overgangen. Vi ønskjer å få ein meir heilskapelege fag- og yrkesopplæring. Kurset er ei støtte for at elevane skal få læreplass, seier Osebakken. 

Lage karriereplan 

Tilbodet går til elevar som har ungdomsrett og som ikkje har fått læreplass innan enkelte fag.

– Kurset er for elevar innan byggfag, restaurant- og matfag, service og samferdsel, frisør og helsefag, med meir, men ikkje TIP og elektro. For dei har vi eigne klassar på vg3. 

Fem yrkesfaglege koordinatorar i Hordaland fylkeskommune er med i teamet som skal kurse elevane i å få seg læreplass. Dei er på skulane Årstad, Slåtthaug, Sotra, Voss og Stord.

– Elevane skal lære å lage karriereplan, få kjennskap til arbeidslivet, lære å selje seg sjølv og gjere seg attraktive, skrive cv og lære intervjuteknikk. Dei skal jobbe med seg sjølve. Vi har mykje kontakt med lærebedriftene, men vi kan ikkje skaffe dei læreplass. Det må dei gjere sjølv, seier Osebakken. 

I arbeidspraksis 

Som ein del av kurset skal elevane prøve seg i arbeidspraksis.

– Dei skal kome seg ut og vise at dei er gode arbeidstakarar. Målet er at dei skal få læreplass i løpet av nokre veker. Desse elevane har ein reell sjanse til å få læreplass. Erfaring frå dei tre føregåande åra er at over halvparten får læreplass, seier prosjektleiar Hege Osebakken.

Kurset er eit samarbeid mellom opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, fagopplæringskontoret, opplæringstenesta (OT), NAV Hordaland og yrkeskoordinatorane på dei fem vidaregåande skulane i fylket.