Heile landet vil ha brettspel om utdanningsval

Eit nytt brettspel skal gjere ungdomskuleelevar betre til å velje utdanning og yrke. UTV- spelet er utvikla av Hordaland fylkeskommune, som vil at elevar tar gode val til vidaregåande. Og no haglar det inn bestillingar frå heile landet.

– UTV-spelet engasjerer elevane. Dei lærer mykje av å gjere noko saman, samtidig som dei har det kjekt. Det seier Kjell Helge Kleppestø, leiar for Senter for yrkesrettleiing i Hordaland fylkeskommune.

Gjennom spelet blir elevane utfordra til å forklare ord dei vil møte når dei skal velje fag på videaregåande skule og seinare yrke.

– Ekstra utfordrande er det gjerne å forklare personlege eigenskaper, seier Kleppestø.

Fekk ideen i ei eksamensoppgåve

Hordaland fylkeskommune har i fleire år vore ein pådrivar for kompetanseutvikling i ungdomsskulefaget utdanningsval. Det var mangel på lærebøker og faget var heller ikkje ein del av utdanningsløpet for lærarane. Fylkeskommunen tok difor initiativ til ei vidareutdaning, saman med Høgskolen i Sørøst-Norge, for lærarar i faget. Fire av studentane fekk ideen i ei eksamensoppgåve. Kva om dei utvikla eit brettspel dei kunne bruke i undervisninga?

Dette fall i god jord i fylkeskommunen, som  produsere det. UTV-spelet blei eit prosjekt leia av Kjell Helge Kleppestø ved Senter for yrkesrettleiing.

Litt  som å spele Alias 

UTV-spelet er eit brettspel som kan minne om Alias. Elevane trekkjer kort og må forklare ord som får dei til å reflektere over spørsmål som: Kva liker eg? Kva er riktig for meg? Kva for personlege eigenskapar har eg? Kva betyr alle uttrykk og fag i den vidaregåande skulen og kva for yrke kan vere riktig for meg? Dersom dei ikkje kan forklare orda, legg elevene korta til side og snakkar om det i klassen etterpå. 

VIDEO: Elevane ved Voss ungdomsskule har testa spelet i fleire år allereie.

Grundig testa

Ein av utviklarane, Kjellfrid Bøyum, er rådgjevar på Voss ungdomsskule. Ho har allereie brukt sin eigen «heimesnekra» versjon av spelet i undervisninga ei stund og veit at det fungerer. Men då det vart bestemt at UTV-spelet skulle bli eit tilbod til heile landet måtte ei meir profesjonell løysing komme på bordet. Fylkeskommunen engasjerte derfor sine eigne flinke vidaregåande elevar ved Voss husflidskule til å designe spelet.

– Kvifor skal lærarar skaffe seg UTV-spelet?

– Fordi dei får eit engasjerande undervisningsopplegg dei kan ta i bruk med ein gong, seier Kjellfrid Bøyum.

Ho legg til at spelet er fleksibelt ettersom ein kan bruke det på ulike måtar gjennom heile ungdomsskulen. Læraren kan for eksempel velje å fordjupe seg i berre ein av kategoriane i spelet.

Eit hav av bestillingar

I løpet av kort tid har fylkeskommunen fått mange bestillingar og over 500 spel har funne vegen ut til heile landet. Tilbakemeldingane er gode.

– Dei seier wow! Dette slo an med ein gong, utbryter Kleppestø stolt. 

– Elevane synes det er kjekt og lærerikt. Samarbeid gir absolutt resultat. Dei får rett og slett lov til å snakke mykje saman om ord og utrykk dei treng i livet sitt, seier Bøyum.

Bevisste val kan auke gjennomføringa

Hordaland fylkeskommune har som mål at fleire elevar skal fullføre vidaregåande opplæring. Spelet skal bidra til at elevar på ungdomsskulen tar betre utdanningsval, som igjen kan gjere det lettare å fullføre alle dei tre åra på vidaregåande.

– Vi trur dette kan bidra til at elevane tar bevisste og dermed gode val. Dette vil dei ha nytte av, ikkje berre når dei skal på videraregåande, men og til seinare utdanning eller jobb, seier Bøyum og Kleppestø.