Gøy med matte på sommarskulen

– Vi har det gøy. Vi får varm frukost og lunsj, billettar til Brannkampar, har vore på grillfest og pizzafest, køyrt rib-båt og til og med lært matematikk. Og alt er gratis, seier Andrea Mrkic som går på sommarskulen i Hordaland.

160 elevar har i to veker gått på sommarskule på fem stader i Hordaland og fått undervising i matematikk, norsk og engelsk. Den har vore eit godt samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors sidan 2007. I år vart den skipa til for 11. sommar på rad. 

Vakse ut av Røde Kors-huset

Sommarskulen var i mange år i Røde Kors-huset ved Fløibanen, men har fått så mange elevar at den har vakse ut av huset. No har den inntatt sommarstengde Amalie Skram videregående skole. Andrea Mrkic har som mål å få ståkarakter og sikre seg studiekompetanse.

– Eg har gått tre år på dramalinja ved Fyllingsdalen videregående skole, men strauk i eksamen i matematikk. No vil eg gå opp i matematikk som privatist til hausten. Sommarskulen har vore ei oppleving. Her har eg fått god hjelp, og eg har kunne spørje når eg har stått fast. Det blir trist når sommarskulen er slutt. Då må eg jobbe vidare på eigahand. Men eg har planar om å gå på leksehjelpen til Røde Kors, seier Andrea Mrkic.

Draumen

Det komande skuleåret blir eit friår for Andrea Mrkic.

– Eg skal jobbe, ta «lappen», og bestå eksamen i matematikk. Neste år vil eg studere drama. Draumen er å bli skodespelar. Det blir dumt om matematikken skal øydeleggje, seier Andrea Mrkic.

Dei 160 elevane fordelar seg med 90 i Bergen, 36 på Stord, 10 på Askøy og 9 i Knarvik. I tillegg har sommarskulen hatt tilbod til 15 i Bergen fengsel. 

Svært gode resultat

Dagleg leiar av sommarskulen, Petter de Presno Borthen i Hordaland fylkeskommune fortel at eksmanesresultata er svært gode.

– Vi har mange elevar på studiespesialisering som må ta nasjonal eksamen om hausten, men eksamen i yrkesfagleg matematikk tek vi her lokalt siste dagen på sommarskulen. Gjennom dei 10 første åra har vi hatt 875 elevar, der 362 har teke eksamen hos oss. 62 prosent av desse bestod eksamen, seier Borthen. 

I år tok 59 elevar av dei 160 eksamen i matematikk siste dag på sommarskulen. 

Svært godt samarbeid

– Sommarskulen er eit svært godt samarbeid mellom Røde Kors og Hordaland fylkeskommune, seier aktivitetsleiar Jostein Gimmestad i Røde Kors som har vore med sidan 2008.

– Vi legg vekt på at elevane skal få god næring når dei er på sommarskulen. Vi startar med varm frukost med egg, bacon og villaks med meir. Til lunsj har vi og varm mat og bagettar, seier Michelline Biseke som er koordinator for sommarskulen i Røde Kors.

18 frivillige i Røde Kors er engasjert i sommarskulen, mens Hordaland fylkeskommune deltar med 16 lærarar. I tillegg til matematikk for yrkesfag og studiespesialisering, har sommarskulen undervising i norsk og engelsk for minoritetsspråklege. 

Leksehjelp

1. september startar leksehjelpen igjen. Det er eit tilbod frå Røde Kors måndag til torsdag kl. 16 til 19. Måndag og onsdag på biblioteket i Bergen, og tysdag og torsdag i Fellesverket, som Røde Kors driv i Sverresgate, like ved kinoen. I tillegg har Røde Kors leksehjelp på nettet måndag til torsdag frå kl. 16 til 21.