Gledeleg mange søkjarar til vidaregåande skular

– Det er gledeleg at vi har så mange søkjarar til dei vidaregåande skulane i Hordaland, seier fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim etter at det første inntaket var klart i dag. 18 482 elevar har søkt. Dei aller fleste av desse har no fått tilbod om skuleplass.

– Årskullet av elevar som går ut ungdomsskulen i år går litt ned i høve til i fjor, men vi ser at vi har attraktive skular over heile fylket. Og i Bergensområdet er skulane våre eit godt og attraktivt alternativ til dei private skulane, seier Heggheim.

Populære linjer

Av søkjarane har 17 422 elevar rett til vidaregåande opplæring i Hordaland (ungdomsrett). 17 457 elevplassar står til disposisjon. Populære linjer er helse- og oppvekstfag som framleis har vekst. Auken i søkjartala til bygg- og anleggsteknikk dei to siste åra, har flata ut, mens studiespesialiserande utdanning og elektrofag har nedgang. Nedgangen i søkjartalet til teknikk og industriell produksjon (TIP) har stoppa opp, men er nær 40 prosent lågare enn i 2014/15. 

I Bergen er Amalie Skram videregående skole framleis populær, men avstanden til andre sentrumsnære skular som Bergen Katedralskole, Langhaugen, Nordahl Grieg og Olsvikåsen vidaregåande skular er blitt mindre.

Alle md ungdomsrett får plass før skulestart

Etter det første inntaket står 1040 elevar med ungdomsrett utan tilbod om plass. Flest av desse er i Bergensområdet, 832. I dei andre regionane er det få søkjarar utan plass. Færrast er det i Kvinnherad/Odda med sju søkjarar. 

Alle søkjarar med ungdomsrett vil få tilbod om plass før skulestart. Neste tildeling skjer 28. juli. Dei som no har fått plass, må svare om dei tek imot plassen seinast 25. juli elles går plassen tapt.

Inntakskontoret har telefon 55 23 94 60, e-post inntak@hfk.no

Nedre poenggrenser for inntak  (pdf)