Glede over region Hordaland + Sogn og Fjordane

– Vi er glade for eit klart vedtak om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane til ein Vestlandsregion, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. Med 31 røyster vedtok Hordaland fylkesting å godkjenne intensjonsavtalen om å slå saman dei to fylka. I går gjorde Sogn og Fjordane eit liknande vedtak.

Vedtaket er gjort med dei 31 røystene til A, KrF, Sp og MDG.

– Eg skulle ønskje at det vart eit breiare fleirtal, men vi har fått eit oppdrag å jobbe vidare med opp mot Stortinget og fellesnemnda. Dette er berre starten, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø.

Eigen region

Fylkestinget viser til at Rogaland fylkeskommune har vedteke å bestå som eigen region inntil vidare på grunn av manglande avklaringar om overføring av nye statlege oppgåver og ansvarsområde i tilstrekkeleg omfang. Det er derfor framforhandla ein intensjonsplan for etablering av ein ny folkevald region på Vestlandet beståande av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Fylkestinget godkjenner denne intensjonsplanen som grunnlag for eventuell etablering av ei slik regionløysing på Vestlandet under føresetnad av at nye oppgåver/ansvarsområde vert tilført og tilsvarande vedtak gjort i fylkestinget i Sogn og Fjordane. 

Tre fylke

Primært ønskjer Hordaland fylkesting at Vestlandsregionen skal bestå av dei tre fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.  Det vart vedteke med 34 røyster, A, KrF, Sp, V og MDG.

Om den nasjonale regionreforma får som utfall at tal fylke/regionar vert ført vidare på tilnærma dagens nivå, og Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå, vil fylkestinget at Hordaland held fram og vert vidareutvikla som eige fylke/eigen region frå 2020. Dette vart vedteke med 38 røyster, A, KrF, Sp, V, MDG, SV og R.

Ikkje til hinder

Med eit fleirtal på 34 røyster understrekar fylkestinget at folketal og geografisk utstrekning ikkje må vere til hinder for etablering av Vestlandsregionen i ein ny regionstruktur, og at generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom statlege og regionale ansvarsområde må kunne fråvikast i ein regionstruktur med svært ulikt innbyggjartal i dei nye regionane. Fylkestinget ber om at oppgåvedifferensiering vert lagt inn i mandatet til ekspertutvalet som skal vurdere overføring av nye statlege oppgåver til regionalt folkevald nivå.

Fondsmidlar

Eit fleirtal på 32 røyster i Hordaland fylkesting legg til grunn at fondsmidlane omtala i pkt 7 i intensjonsplanen bør brukast til fylkeskommunale/regionale investerings – og  driftsoppgåver innan dagens grenser for Sogn og Fjordane.