Glade for trafikksikker skuleveg

– Dette er eit prosjekt politikarane har jobba godt saman for å få til. Trafikktryggleik er sett på kartet. Vi skal ta vare på dei mjuke trafikkantane, sa Silje Hjemdal i fylkesutvalet i Hordaland då den nye rundkøyringa og gang- og sykkelvegen ved Kirkevoll skule vart opna.

12 000 bilar passerer skulen kvart døgn, og 600 elevar kryssar vegen dagleg. Hjemdal er glad for at elevane no har fått ein trygg skuleveg. Ho er og glad for at anlegget til 50 millionar kroner vart 10 millionar kroner rimelegare enn først rekna med.

Anleggsarbeidet starta i fjor sommar og omfattar 500 meter ny veg, rundkøyring, undergang og gang- og sykkelveg. Anlegget bind saman Fanavegen og Krokeidevegen.

KirkevollN1000B3052.jpg

Ei ny rundkøyring bind saman Fanavegen og Krokeidevegen. Langs går det ny gang- og sykkelveg, og ein undergang under krysset. 12 000 bilar køyrer her i døgnet, og 600 elevar skal krysse vegen.

Slutt på kø frå ferja 

Anleggsleiar Arild Hegrenæs i Statens vegvesen seier det er blitt eit veldig flott anlegg.

– Det er alltid kø frå ferja på Krokeide og problem for bilane å kome seg gjennom krysset. Dette reknar vi no skal vere løyst. Vi har brukt 33 000 timar på bygginga. Vi har skifta ut 25 000 kubikkmeter jordmassar med stein frå nye E39. Det er levert direkte frå stuff og har ikkje vore lagra i Hordnesskogen, seier Hegrenæs. 

Kommunale etatar, BKK og Telenor har nytta gravinga til å legge nye leidningar. No går alt i bakken og ingenting i lufta.

KirkevollN1000B2868.jpg

Byråd Anna Elisa Tryti klipte snora og offisielt opna veganlegget med hjelp av fylkespolitikar Silje Hjemdal.

Ide om kunstverk 

Byråd Anna Elisa Tryti fekk æra av å klippe snora.

– Dette er ein veldig kjekk dag for trafikktryggleiken her ved skulen. Det har lenge vore problem med å krysse vegen med alle bilane. Eg er kjempeglad for at det er blitt mykje tryggare å gå og sykle til skulen, seierTryti som fekk ein god idé då ho såg plasseringa ved Fana kyrkje og skulen.

– Eg fekk ein idé om å bruke pengar på eit fint kunstverk i rundkøyringa her ved middelalderkyrkja og skulen, seier Anna Elisa Tryti.

KirkevollN1000B2845.jpg

600 elevar ved Kirkevoll skule deltok under opninga.

KirkevollN1000B2953.jpg

Elevane gler seg over å ha fått ny skuleveg. No går vegen i undergang.

KirkevollN1000B2914.jpg

Den nye rundkøyringa ligg fint til ved Fana kyrkje og Kirkevoll skule.