Forskingstøtte kjem vel med

Fleirtalet av dei som har gjennomført eit kvalifiseringsprosjekt har søkt midlar om eit større forskingsprosjekt. Scalpro har fått støtte til å forske på mellom anna norovirus i skjel.

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har sidan 2010 gitt nesten 350 millionar kroner til forsking. Hordaland fylkeskommune har hovudansvaret for administrasjonen og samarbeider med fylkeskommunane i Rogaland og Sogn og Fjordane.

Fondet har dei siste åra hatt ein meir eller mindre løpande utlysing av såkalla kvalifiseringsprosjekt, som er ei støtteordning i fondet.

Hordaland fylkeskommune har gjennomført ei spørjeundersøking om resultata av regional kvalifiseringsstøtte.

– Vi ønskte å vite om bedrifter og kommunar faktisk søkte om midlar til vidare forsking etter at  kvalifiseringsprosjektet var over, og om dei lukkast med å få midlar til vidare forskingsprosjekt, seier Kathrin Jacobsen, som mellom anna leiar forskingsseksjonen i Hordaland fylkeskommune.

Resultata av undersøkinga tyder mellom anna:

  • 60  prosent av dei som har gjennomført eit kvalifiseringsprosjekt har søkt midlar om eit større FoU-prosjekt.
  • Det svarer til 24 bedrifter og kommunar. 18 av desse som fekk innvilga søknaden.
  • Dei som fekk innvilga søknad fekk mellom 1 mill. kr. og 8 mill. kr.
  • Dei fleste fekk ca. 3 mill.kr. (Som er øvre ramme for større FoU-prosjekt i RFF Vestlandet).
  • Fire kommunar/fylkeskommunar fekk støtte til vidare forsking.
  • 13 bedrifter fekk støtte til vidare forsking.

 Undersøkinga gir godt grunnlag for å vidareføre ordninga med kvalifiseringsstøtte.

Skal gjere kommunar og bedrifter gode på forsking

– RFF Vestlandet er ei satsing som skal styrke utvikling og innovasjon på Vestlandet ved å stø opp under regionalt prioriterte forskingstema, seier Jakobsen.

Midlane kjem direkte frå kunnskapsdepartementet.

– Fondet jobbar særleg med å gjere bedrifter og kommunar gode på å bruke forsking i eiga verksemd og finansierar brukarretta forsking, seier ho.

Rom for å teste

Dette er midlar til nødvendig forarbeid og kunnskapsinnhenting, spissing av forskingsspørsmål og i det heile tatt gjere dei avklaringane som trengst for at gode idear skal kunne bli ordentlege forskingsprosjekt.

– Her er det er rom for å teste ut samarbeid med nye forskingsmiljø, før ein går inn i ein meir krevjande forskingsprosess. For forsking er ikkje for amatørar! Det krevst kunnskap om kva forsking som finst frå før og gode metodar for å finne svar på dei nye spørsmåla, seier Jakobsen.

Målet er at dei kvalifiseringsprosjekta som får støtte, skal munne ut i meir omfattande forskingsprosjekt, som kan få støtte frå til dømes Forskingsrådet, EU-program eller Dei regionale forskingsfonda sjølve.

Forskar på kamskjel

Ei av bedriftene som har fått støtte er Scalpro AS. Dei har hatt fleire kvalifiseringsprosjekt finansiert av RFF i perioda 2011-2017.

Scalpro AS driv produksjon av skjelyngel av kamskjel og østers. Selskapet er lokalisert i Øygarden, der dei har klekkeri og vekstanlegg for skjel. Selskapet er også største aksjonær i Scalmarin As, som driv lagring av levande skjellprodukter for sal til sjømatgrossistar og restaurantar.

Prosjektet Scalpro sist fekk støtte til var eit prosjekt for å sikre matvaretryggleik ved spising av levande skjel.

– I prosjektet skal vi sjå nærare på analysemetoder for norovirus i skjel og metodar for å redusere innhald av norovirus i østers og hjarteskjel. Vi skal og gjere eksperiment for å redusere innhald av utvalte algegiftar i stort kamskjel, seier dagleg leiar Tormod Magnesen.

Støtta frå RFF vil bli brukt til eksperiment og analysar i selskapet og hos viktige samarbeidspartnarar. Prosjektet er starta.

– Prosjektet har nytte langt utover eigen verksemd, men Scalpro As har fasilitetar for å gjennomføre relevante eksperiment. Utan støtte frå RFF hadde prosjektet ikkje vore mogeleg, seier Magnesen.