Fornyar samarbeid med Normandie

– Vi skal fornye vennskapsavtalen med Hordaland, og no blir heile Normandie med, seier visepresident Claire Rousseau i Normandie. I dag starta arbeidet med ny avtale. Ein fransk delegasjon er på plass i Bergen.

Hordaland har hatt vennskapsavtale med Nedre Normandie sidan 1993 basert på historiske band mellom regionane. Utdanning og kultur har vore viktige samarbeidsområde i avtalen. No er Øvre og Nedre Normandie slegne saman til ein større region, og det er behov for å fornye avtalen. 

– Vi vil halde fram samarbeidet vi har i dag og utvide med nye område. Samarbeidet innan skule skal vi utvikle vidare. Vi vil og satse på marine næringar og akvakultur, og samarbeide om forsking. Vi vil og halde fram og utvide samarbeidet om idrett, seier Claire Rousseau, som er visepresident med ansvar for idrett, ungdom og samfunnsutvikling. 

Viktig samarbeid gjennom mange år

Fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme ser fram til eit godt samarbeid vidare.

– Vi har hatt eit viktig samarbeid med Normandie i mange år, spesielt innan skule, med gjensidig utveksling. I dag har vi starta arbeidet med å fornye avtalen. Vi ønskjer å utvide samarbeidet med Normandie i åra framover, seier Kvamme.

Innan idrett er det aktuelt med gjensidig utveksling som innan skule. Den franske delegasjonen har med seg eit team med unge syklistar, The Norman cykling team, som møter toppidrettsutøvarar frå Tertnes videregående skole. Både Normandie og Tertnes er representert med syklistar i Sykkel-VM i dag. 

NormandieN1000B3866.jpg

– Samarbeidet skal halde fram, seier Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling (f.v.), Roald Kvamme, fungerande fylkesvaraordførar, Claire Rousseau, visepresident i Normandie og Florent Noisette, leiar av internasjonale prosjekt i Normandie.

Sykkel og hestesport

– Vi ser for oss at vi utvekslar idrettsutøvarar i ulike typar idrett. Dei norske unge syklistane er ønska på gjenvisitt. Innan hestesport er Normandie og stor, og vi ser for oss utveksling med det store hestesportmiljøet i Bergen, seier Kvamme.

Andre tema som interesserte den franske delegasjonen var elektrifisering innan transport, som ferja «Ampere» som trafikkerer E39 Lavik-Oppedal. Menneskerettar var og tema.

– Normandie har det nasjonale fredssenteret, og vi har Raftostiftelsen. Her er det og mogeleg med samarbeid. Planen vidare er at vi skal møtes under Boreales-festivalen i Normandie i slutten av november og diskutere vidare. I juni neste år er vi invitert til ein fredskonferanse i Normandie. Målet er at vi kan signere ein ny samarbeidsavtale då. Normandie er frampå, og vi heng oss på, seier fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme. 

Franske toppsyklistar

Delegasjonen frå Normandie får og med seg det som skjer under Sykkel-VM og skal og møte dei franske toppsyklistane. Dei unge franske syklistane og toppidrettsutøvarar frå Tertnes videregående skole har eige program som mellom anna omfattar grilling i Sollien mens dei ser på Sykkel-VM og besøk i testlaben på høgskulen.