Folkefest med mat frå havet

For første gong vart UNESCO sin gastronomi-dag skipa til i Bergen. Det skjedde med folkefest på Nøstetorget søndag 18. juni. Mat frå havet var hovudtema. Fiskebåtar låg til kai, det var marknadsplass, smaksprøver og populærvitskaplege føredrag.

Hovudarrangørar av folkefesten var Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, fylkesmannen og Universitetet i Bergen. I 2015 vart Bergen med i det internasjonale nettverket UNESCO gastronomiby, og berekraftig mat vart sett på dagsorden. Gastronomidagen blir skipa til i UNESCOs gastronomibyar over heile verda. 

Sandsli-elevar laga mat

Det var ei rekke arrangement på folkefesten. Det starta med at fiskebåtane kom inn vågen og la til kai med dagens fangst på Nøstekaien. Det var smaksprøver og salsboder. Elevar ved Sandsli videregående skole laga og serverte rettar frå havet. Fleire restaurantar og småskalaprodusentar deltok. Ørjan Johannessen frå Bekkjarvik, som vann verdsmeisterskapen i kokkekunst i 2015 Bocuse d’or, laga og serverte laks i blåskjel med krydder av tang og tare.

MatdagN1000B8596.jpg

Kokkelærar Roberto Tanaia ved Sandsli videregående skoe serverte mat frå havet. I bakgrunnen elev Fredrik Lie-Nielsen som no skal ut i kokkelære.

Det var utstillarar og stands for organisasjonar som på ulike måtar jobbar med berekraftig mat frå havet. Og på eit populærvitskapeleg føredrag fekk publikum lære korleis nytte nye artar frå havet som kjem frå bifangst, og tang og tare.

Stort nettverk av kunnskap

– Grunna overfiske kan vi ikkje auke det tradisjonelle fisket meir. Skal vi auke produksjonen frå havet, må vi sjå på tang og tare, bifangst, krill, plankton og raudåte. Det er difor sett i gong omfattande forsking om dette. Vi har eit stort nettverk, og ein del av kunnskapane om dette la vi fram på eit populærvitskapeleg seminar under folkefesten, seier Heidi Bjønnes Larsen ved næringsseksjonen til fylkeskommunen, som leia seminaret.

MatdagN1000B8728.jpg

Meisterkokken Ørjan Johannessen lagde smaksprøver frå havet.

25 årsjubileum

Det kom og gjester frå Cardiff, venskapsregionen til Hordaland fylkeskommune. I juli skal 25 årsjubileet for venskapet feirast mellom anna med ein tilsvarande matfestival og folkefest i Cardiff som på gastronomidagen i Bergen.

MatdagN1000B8857.jpg

Publikum kunne høyre føredrag om mat frå havet og diskusjonar om dette: Amund Måge (f.v.), Matthias Kaiser, Inger Elisabeth Måren (alle UIB), Røgnvaldur Hannesson (NHH) og Ian Kinsey (fiskar).

Meir om forsking på mat frå havet hos nettverket SAPEA

Sjå arrangement på facebook