Folkefest i Bergen kan auke fysisk aktivitet

– Det er utruleg gøy med folkefest. Bilen står, og folk bussar, syklar eller går. Folk er glade. Det er god stemning her i byen, seier Anne Mette Nesje Porten. Hordaland fylkeskommune er representert på stand på Bryggen for å oppmode til fysisk aktivitet og folkehelse.

– Vi har ikkje fått tid til å følgje så mykje med på dei som syklar. Her har vi stand med Idrettscampus Bergen kvar dag under heile Sykkel-VM. Vi viser publikum arbeidet vi gjer for fysisk aktivitet, folkehelse, breidde- og toppidrett. Vi er eit nettverk av store aktørar som samarbeidar. Vi viser styrke i samspel, seier Nesje Porten.

Inspirere vidare 

Sykkel-VM er eit så stort arrangement at det kan inspirere vidare.

– Vi er opptatt av alt som skjer under Sykkel-VM og arven etter. Folk viser stort engasjement og mykje glede. Bergen står saman om denne folkefesten. Dette kan inspirere til vidare satsing på fysisk aktivitet og folkehelse. Vi er opptekne av tidleg innsats for å få folk i aktivitet. Barn må tidleg oppleve gleda ved å vere aktive.

SykkelVMN1000B3604.jpg

– Sykkel-VM kan inspirere til vidare satsing på fysisk aktivitet og folkehelse, seier Hanne Espe og Anne Mette Nesje Porten i Hordaland fylkeskommune som er representert på standen til Idrettscampus Bergen på Bryggen. I bakgrunnen testar den beste temporyttaren i Noreg, Bjørnar Vevatne Øverland, oksygenopptaket.

Heilt fantastisk

Kvar dag frå kl. 10 til 18 under Sykkel-VM er standen open på Bryggen.

– Det er heilt fantastisk å vere her. Ingen bilar i sentrum. Folk er så glade. Dette er framtida, seier Anne Mette Nesje Porten som er spesialrådgjevar for folkehelse i Hordaland fylkeskommune.