No kan du enkelt finne din tannklinikk

No er det blitt svært enkelt å finne ut kva for ein tannklinikk du høyrer til. Prøv sjølv!

Med den nye tenesta "finn din tannklinikk" her på Hordaland fylkeskommune sine nettsider, er det svært enkelt å finne ut kva for ein offentleg tannklinikk du og din familie tilhøyrar. Kanskje har du flytta og ikkje heilt veit kvar du no skal ta med minsten for tannhelsesjekk?

43 tannklinikkar

I Hordaland er det 43 tannklinikkar som tilhøyrar fylkeskommunen. I tillegg kjem tannlegevakten i Bergen og kompetansesenteret på Årstad. Ved å skrive inn heimeadressa di i eit felt vil du umiddelbart få opp kva for ein tannklinikk som er din. Prøv sjølv!

Finn din tannklinikk

Fyll inn di folkeregistrerte adresse for å få opp din tannklinikk

- No er det svært enkelt å sjølv finne adresse, og kontaktinformasjon for sin tannklinikk. Vi er svært glade for å få på plass denne tenesta, seier Arne Åsan, fylkestannlege i Hordaland.

Det er framleis slik at alle barn og unge får innkalling til tannklinikken sin, som regel annakvart år. Men det kan vere at du treng å gå til tannlegen utenom dette. då er det greit å søke opp tannklinikken din med eit enkelt tastetrykk.

Tar i mot alle ved kapasitet

Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar dei psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie. 

Men er det ledig kapasitet på tannklinikken er det fullt mogleg å gå til tannlegen der sjølv om du ikkje fall innom desse kategoriane. Då er det berre å ta kontakt ved aktuelle klinikk.