Fekk første stipend for gateaktivitet

– Vi er svært begeistra over Bergen Style Bombers, sa Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling, då ho overrekte det første utviklingsstipendet for gateaktivitet i Hordaland.

Bergen Style Bombers er eit nettverk av breakdansarar, rapparar, DJ’ar og visuelle kunstnarar. Prisen på 30 000 kroner overrekte Husa under opninga av Hordaland fylkesting i Terminus Hall.

IMG_6335.JPG

Bergen Style Bombers fekk det aller første utviklingsstipendet for gateaktivitet i Hordaland.

Imponerte 

Tinget starta med kulturelt innslag der prisvinnarane imponerte med breakdans, sang og musikk. Husa sa at pengane skal vere stimulans til vidare satsing. 

Bergen Style Bombers starta i 2015 som gruppa B-Funky med fem dansarar. Dei hevda seg bra i UKM og gjekk vidare heile vegen til landsmønstringa i Trondheim. No er fleire kome til, og dei har teke namnet Bergen Style Bombers.

IMG_6321.JPG

Hordaland fylkesting opna med kulturelt innslag med Bergen Style Bombers.