Feira 25 år for godt samarbeid med Cardiff

– Vi har hatt eit godt samarbeid i mange år, og vi ser fram til vidare samarbeid, seier Emily Daly i Cardiff kommune. Ho var ein av mange som deltok på 25 årsjubileet for gjenreisinga av den norske sjømannskyrkja i den walisiske hovudstaden.

Cardiff og Hordaland er vennskapsregionar. Emily Daly er kontaktperson til Hordaland fylkeskommune for sjømannskyrkja som ligg sentralt på hamna i Cardiff. I 1992 opna prinsesse Märtha Louise den nye kyrkja som vart betalt med innsamla pengar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Forfattaren Roald Dahl, som vart døypt i kyrkja, tok initiativ til gjenreisinga, og ein million kroner vart samla inn på Vestlandet. Fylkesordførar Ole Dramdal la ned grunnsteinen i 1991.

The Norwegian Church Art Centre

Cardiff2091.jpg

Hordaland fylkeskommune og Sandsli videregående skole hadde stand rett utanfor kyrkja.

80 000 på sommarfestival

25 årsjubleet vart markert under den store sommarfestivalen på hamna i Cardiff denne helga. 80 000 personar var innom. Sjømannskyrkja var open med utstillingar, kunst og musikk. Den er ikkje lenger i bruk som kyrkje, men er blitt eit kunstsenter: The Norwegian Church Art Centre. Kyrkja er eit svært synleg byggverk i hamneområdet og ein viktig del av profileringa av hovudstaden i Wales. Den er svært viktig for det norsk-waliske miljøet i området. Kvart år kjem over 200 000 personar innom kyrkja.

Cardiff2096.jpg

80 000 personar deltok på den store sommarfestivalen i Cardiff der jubileet for sjømannskyrkja vart feira.

Strålande

25 årsjubileet vart markert både fredag 15. og laurdag 16. juli.

– Det har gått strålande. Mange frå Hordaland er med her, og det er blitt sagt mange godord om arbeidet Hordaland fylkeskommune har gjort, seier Terje Inderhaug som var med i komiteen som samla inn den vestnorske millionen til gjenbygginga av kyrkje. I talen sin takka Inderhaug for samarbeidet gjennom mange år og såg fram til nye prosjekt dei kan samarbeide om i dei komande åra.

Cardiff2100.jpg

Elevar og lærarar frå Sandsli videregående skole serverte mat frå havet med alger som smakstilsetting til alle som kom. Fredrik og Aurora (t.v.) med lærar Roberto Tanaia og Marit Gjerstad, seniorrådgiver i Norges Vel. Norges Vel har satsa på alger sidan 2010 og har fleire prosjekt for å utvikle næringa til å bli ei viktig framtidsnæring, bl.a. eit nettverksprosjekt som er støtta av fylkeskommunane i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Nyleg vart ein forening skipa med seks algedyrkarar frå Lofoten til Sunnhordland.

Meir om bruk av alger i maten

Mange samarbeider

Inderhaug er glad for at det er så mange som er med på samarbeidet: Den norsk-walisiske vennskapsforeningen, Cardiff kommune, Universiteta i Bergen og Cardiff, Den norske ambassaden, EU som har finansiert store delar av jubileet, og Hordaland fylkeskommune med fleire vidaregåande skular og fylkesadministrasjon.

Rett utanfor kyrkja hadde Hordaland fylkeskommune stand under jubileet og festivalen. Der deltok Sandsli videregående skole med elevar og lærar, lagde mat og serverte og promoterte Bergen som UNESCO gastronomiby. Dei serverte rettar av tørrfisk, kveite, laks og krabbesalat med tilsett tang og tare som smaksforsterkar. 

– Sandslielevane gjorde eit godt inntrykk. Dei er kreative og svært flinke ambassadørar for Hordaland, seier Inderhaug.

Cardiff2092.jpg

Louise Edwards, Cardiff (t.v.), Terje Inderhaug, Hordaland fylkeskommune og Laura Norton frå SAPEA Academia Europa var sentrale i planlegginga av jubileet.

Ny forsking frå havet 

Forskingsmiljøa i Europa med universiteta i Bergen og Cardiff har gått i spissen for forsking på nye produkt frå havet, mellom anna av tang og tare. I kyrkja skipa dei til eit seminar om korleis nytte nye produkt frå havet i matlaginga. Overfiske gjer at det tradisjonelle fisket ikkje kan auke. Men nye artar kan auke produksjonen frå havet, som tang og tare, bifangst, krill, plankton og raudåte.

Det er sett i gong omfattande forsking om dette og eit stort nettverk i Europa delar kunnskapen. Resultat av forskinga vart først lagt fram på eit seminar i Bergen då UNESCO sin gastronomidag vart feira 18. juni i år. Fleire resultat vart lagt fram på seminaret i Cardiff.

Meir om ny forsking frå havet

100 årsmarkering for Roald Dahl

100 årsdagen til forfattaren Roald Dahl vart og markert i kyrkja. Professor Gunnstein Akselberg ved Universitetet i Bergen fortalde om livet hans og korleis han vart knytt til Cardiff der faren dreiv skipshandel.

Cardiff2097.jpg

Jubileet vart markert med eit seminar med forskarar frå Bergen, Cardiff og andre stader i Europa om korleis få meir mat frå havet.

Over 400 elevar frå Hordaland i Cardiff 

Den norsk-walisiske vennskapsforeningen har faste møte i kyrkja og har no sett ned ei gruppe for å støtte opp om kyrkja og vennskapet med Hordaland og Vestlandet. Det er mange norske studentar og elevar i Cardiff. Hordaland fylkeskommune har til no hatt over 400 elevar som har gått eit skuleår i byen. Til hausten kjem nye norsk elevar.

Cardiff2087.jpg

Professor John Hines ved Universitetet i Cardiff takka for godt samarbeid med Hordaland i 25 år. Han har eit spesielt ansvar for elevane frå Hordaland som går eit skuleår i den walisiske hovudstaden.

150 årsjubileum i 2019

Neste storhending er alt under planlegging. 16. desember 2019 skal 150 årsjubileet for kyrkja feirast med julefest og juletretenning. Hordaland fylkeskommune har i mange år gitt julegran til byen, men det vart for nokre år sidan erstatta av eit stort grantre som vart planta utanfor kyrkja. Jubileet blir eit samarbeid med norsk-walisisk vennskapsforening.

Norsk-walisisk vennskapsforening

Cardiff2098.jpg

Arne Duinker frå Bergen forskar på korleis nytte tang og tare i matproduksjon. Dette kan bli ei ny stor næring.

Cardiff2095.jpg

Gitarist Stian Vedøy spela norske folketonar under jubileet i kyrkja.

Cardiff2086.jpg

Angharad Edwards spela harpe under feringa i kyrkja.