Feira 25 år for économuséa

– Det er spennande at Hordaland fylkeskommune har vore med og fått dette i gang, seier Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling. I dag vart 25 årsjubileet for det internasjonale nettverket rundt économuséa markert i Bergen.

Eit économusée er eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visingssenter der ein både kan sjå handverket bli utført og kjøpe produkt. 75 representantar frå 30 économusée i Canada og Nord-Europa deltek på feiringa som skal skje over fem dagar på Vestlandet. 

– Hordaland fylkeskommune har vore leiande partnar for économusée-prosjektet sidan starten i 2008, til Norges Vel overtok i 2014. Eg har lært at économuséa kombinerer kultur, handverk og turisme. Dei praktiserer tradisjonelle og moderne teknikkar og får handverket til å overleve og skape nye arbeidsplassar. Det er fantastisk at Vestlandet snart har 14 économusée, sa Beate Husa under opninga av konferansen som markerer 25 årsjubileet for det internasjonale nettverket.

EconoN1000B4137.jpg

– Vestlandet er ein perfekt stad å ha denne internasjonale konferansen sidan det er så mange économusée her, seier dagleg leiar Carl-Éric Guertin, Canada, i économusée-nettverket. Utviklingsdirektør Kari Clausen i Norges Vel er glad for å ta imot besøket frå heile verda.

Sterkt nettverk 

Carl-Éric Guertin, Canada, er dagleg leiar i économusée-nettverket.

– Vi kan feire 25 år for économusée-nettverket, 10 år for det første économusée i Europa og Noreg og fem år for den første internasjonale konferansen for économusée-nettverket. Velkommen til den andre konferansen. Gjennom desse åra har vi fått eit sterkt nettverk. Vi har no 98 économusée i Canada og Nord-Europa. Vi har fått utdanna unge handverkarar over landegrensene, og turistane spør etter dette. Nøkkelen er at handverkarane møtast og utviklar produkt sa Guertin.

Carl-Éric Guertin gjev ros til Hordaland fylkeskommune.

– Det var naturleg å leggje den andre internasjonale konferansen til Hordaland som var leiande partnar i mange år. Dessutan er Vestlandet ein perfekt stad sidan det er så mange économusée her. Det er takka vere prosjektleiar Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune at vi har économusée i Noreg og Europa. Han kom til Canada, tende på ideen og tok konseptet med seg til Europa, seier Carl-Éric Guertin.

EconoN1000B4115.jpg

Terje Inderhaug (f.v.) er prosjektleiaren i Hordaland fylkeskommune som får æra av å fått économusée-prosjektet til Europa og Noreg, Beate Husa er leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling, professor Claude Dubé, Canada, har vore med i économusée-nettverket sidan starten, og professor Nils Georg Brekke leikte med tanken om économusée her, samstundes som Canada tenkte det same.

Bygger alliansar

Nils Georg Brekke, professor emeritus, er stolt deltakar på jubileet og konfeansen.

– Économusée er det første nye innan museum på 100 år. Économusée-prosjektet er årsaka til at Bergen er blitt UNESCO gastronomiby og at Universitetet i Bergen har fått eit UNESCO-professorat. Vi bygger alliansar mellom universiteta på tvers av fagrenser og landegrenser, med vekt på berekraft, nord-sør-perspektiv og sosiale forskjellar. Économusée var ein tanke som vaks fram i Canada, men parallelt tenkte vi same tanken her med Oselvarverkstaden som vart det første économusée i Hordaland, seier Nils Georg Brekke. 

Claude Dubé, Canada, er UNESCO-professor og medlem av styret for économusée-nettverket

– Eg var i Bergen første gong i 2006 og kan sjå at byen veks fort. Eg føler at eg kjem heim når eg kjem hit. I mange år har eg arbeidd med économusée. Vi har funne banda mellom oss, oppdaga nye venner og blitt nærmare knytte saman, seier professor Claude Dubé.

EconoN1000B4199.jpg

Michael Scullions i Scullion hurls économusée i Nord-Irland lagar kastereidskapen til den irlandske nasjonalsporten hurling.

Metallkunst i "Game of thrones"

I Nord-Irland står économuséa sterkt.

– Vi har seks économusée. Vi er stolt over at vi lagar kastereidskapen til nasjonalsporten i Irland, hurling. Vi har og designa metallkunst som er nytta i TV-serien «Game of thrones». Vi fortel historia vår og viser kva vi kan, seier Michael Scullions. Dei seks économusée i Nord-Irland ligg langs kysten the Causeway coastal route.

Helen Connely starta det første économusée i Irland.

– Vi kom i gang i 1990 og vart économusée i 2012. Ideen vår er basert på 5000 år gammalt treverk som vi tørkar i to år og lagar skulpturar av. Som économusée har vi fått betre forståing for kvarandre, vi delar erfaringane og hjelper kvarandre. Nettverket vårt har vakse. Vi samarbeider godt, seier Helen Connely. I Irland er det no seks économusée.

Levande bedrift

Anne Kortner er produksjonssjef i Hillesvåg Ullvarefabrikk. 

– Vi er ei levande bedrift og har fått så mykje å gjere at vi har to skift og besøkande må vente. Vi starta på 1800-talet og er femte generasjon som driv i dag. I det norske nettverket vårt møtest vi minst to gonger i året. Vi møter hos kvarandre, slik at vi kan sjå kva vi andre driv med og for at alle skal kjenne at dei er ein del av économusée-nettverket, seier Anne Kortner.

EconoN1000B4179.jpg

– Vi har så mange besøkande at vi må ha to skift og besøkande må vente, seier Anne Kortner som er produksjonsjef i Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Flinkast i klassen

Terje Inderhaug var prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune og er no engasjert av Norges Vel.

– Hordaland fylkeskommune har vore flinkast i klassen med å etablere économusée. Vi er hjørnesteinen i Europa. Vi ekspanderer og får stadig førespurnader frå heile landet. Akkurat no jobbar vi med to prosjekt i Møre og Romsdal som skal opne i november i år og mars neste år. Vi har og ein tredje kandidat i Møre og Romsdal. 

EconoN1000B4259.jpg

Prosjektleiar Terje Inderhaug får ildsjel-prisen til Norges Vel for sitt brennande engasjement for économuséa. Utviklingsdirektør Kari Clausen overrekte glasskulpturen, laga av Nico Widerberg, på 25 årsjubileet i Bergen.

Inderhaug fortel at det og er interesse for économusée andre stader i landet.

– Vi har fått ønskje frå Hedmark og Sørlandet og ønskjer no å få économusée inn på statsbudsjettet. Vi har søkt næringsdepartementet og avventar svar. Vi håpar å få det med i statsbudsjettet for neste år. Hordaland fylkeskommune har gjort alt grunnarbeidet, men no er vi avhengige av staten for å komme vidare, understrekar Inderhaug. 

Tettare samarbeid i Norden

Det skal bli nærmare samarbeid mellom dei 27 économuséa i Norden.

– Vi arbeider med å få til eit tettare samarbeid mellom économuséa i Noreg, Sverige, Færøyane og Island. Dette skal vere uavhengig av EU, seier Terje Inderhaug. Det er EU som for det meste har finansiert économusée-prosjektet til no, også konferansen i Bergen. Inneverande periode går ut i 2018, men planen er å vidareføre med Nord-Irland som leiande partnar.