Elevar likte å lage og smake sjømat

– Elevane var overraska over kor godt det smakte og kor enkelt og raskt det var å lage, seier folkehelserådgjevar Anne Mette Nesje Porten.13 elevar ved Austrheim vidaregåande skule har fått innføring i å lage gode rettar av sjømat.

Elevane har gått to år på barne- og ungdomsarbeidarfaget og skal no ut i lære. Hordaland fylkeskommune satsar på å bruke sjømat til betre folkehelse gjennom den nasjonale satsinga Fiskesprell. 

– Vi satsar på barne- og ungdomsarbeidarar som skal ut og jobbe i barnehagar og SFO og at dei skal introdusere sjømat for barna. Fisk er sunt og godt og gjev god folkehelse. Vi veit at barn og unge et mindre sjømat enn tilrådd av helsestyresmaktene og går difor glipp av viktige helseeffektar. Satsinga er eit ledd i å førebyggje sosiale ulikskaper innan helse, seier Nesje Porten.

Gode tilbakemeldingar

Dei 13 elevane i Austrheim fekk først ein teoridel om fisk, kva næringstoff den har og kva den gjer med kroppen. Deretter lærte elevane å lage fire ulike fiskerettar. Dagen var avslutta med middag og oppsummering. To personar hyra inn frå Fiskesprell, Mike Reddington, kokk, og Bjørg Samuelsen, teori, stod for undervisinga.

– Det var god stemning, og vi har fått svært gode tilbakemeldingar. Elevane var kjempenøgde og synest det var eit bra kurs. Dei var flinke til å spørje og lærte å filitere fisken og vurdere om den var fersk. Dei hadde ein ide om at det var tidkrevjande å lage fiskerettane, men var overraska over at det gjekk så kjapt. I løpet av ein time hadde dei laga fire fiskerettar.

FiskesprellN1000B7164.jpg

– Alle barn og unge burde lære å ta mat opp frå havet og tilberede den, seier næringssjef Mette Nora Sætre (t.v.) i Hordaland fylkeskommune. – Fiskesprell er ei satsing fylkeskommunen har for betre folkehelse, seier Anne Mette Nesje Porten som er folkehelserådgjevar i Hordaland fylkeskommune.

Mål å ete meir fisk

Dei fire rettane var fiskewok, lakseburger, torskegryte og fiskewraps.

– Vi gjer dette fordi det er viktig å introdusere fisk tidleg i barneåra. Målet er at barn og unge skal ete meir fisk.

I tillegg til barne- og ungdomsarbeidarar satsar Hordaland fylkeskommune på kurs i Fiskesprell for tilsette i barnehagar og SFO og tilsette i kommunane.

Nasjonal satsing på kosthald 

Fiskesprell er eit nasjonalt satsingsprogram for betre kosthald. Det starta i 2007. Erfaringane var så gode at det i 2011 gjekk over frå prosjekt til eit fast nasjonalt program. I perioden 2007 til 2015 hadde 11 000 barnehagetilsette delteke på kurs og nærmare 600 000 elevar i barne- og ungdomsskulen hadde motteke undervisingsmateriell og råvarestøtte.

God aktivitet for lite pengar

Hordaland fylkeskommune har engasjert seg i Fiskesprell gjennom nærings- og lokalsamfunnsseksjonen i regionalavdelinga. Næringssjef Mette Nora Sætre er svært nøgd med tiltaket.

– Alle barn og unge burde lære å ta mat opp frå havet og tilberede den i staden for at all mat skal vere kjøpt og i plast. Dette er god aktivitet for lite pengar, og dei lærer verdikjeda. Det er ein stor glede å ha Fiskesprell i porteføljen vår, seier næringssjefen i Hordaland fylkeskommune.