Dyrare bybane til Fyllingsdalen

Ein ny rapport syner at Bybanen til Fyllingsdalen blir dyrare enn tidlegare rekna med. — Sjølv om denne nye kvalitetssikringa viser at det blir dyrare, vil vi halda fram planlegginga av utbygginga, men sjå kor vi kan redusere kostnadene, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal i Hordaland fylkeskommune.

– Vi skal gjennomgå grundig kvalitetssikringa (KS2) av planen for byggetrinn 4 og det den indikerer av auka kostnader samanlikna med våre føreliggjande kalkylar.

Fylkesrådmannen vil vurdere kva som kan gjerast rimelegare eller må kuttast. 

– Høgare kostnader vil ikkje medføre auka bompengeavgift utover det som alt ligg i byvekstavtalen, seier fylkesrådmannen. 

Auka kostnad

Kvalitetssikringa (KS2) av Bybanen byggetrinn 4 til Fyllingsdalen indikerer ein totalkostnad for byggetrinnet på 7,6 milliardar kroner. Av dette er om lag 6,4 milliardar kroner knytt til bybaneanlegget som staten bidrar med 50 prosent til gjennom byvekstavtalen. Det resterande er kostnader knytt til sykkel/gange og parkareal. 

I september 2016 vart kostnaden for byggetrinn 4 til Fyllingsdalen vurdert til 6,2 mrd. kr. I oktober 2017 vert kostnaden i KS2 kalkulert til 7,6 mrd. kr. Prisutviklinga har følgjande tre hovudårsaker: 

  • Det skal byggast meir
  • Uvisse rundt kjøp av grunn og grunnforhold
  • Generell prisstigning 

Omfang

Kostnadsauken med å byggja meir enn planlagt er i rapporten kalkulert til 490 mill. kr. Dei viktigaste årsakene til denne prisutviklinga er: 

  • Meir gang- og sykkelveg
  • Ny løysning for varelevering Oasen
  • Strengare krav til depot på Spelhaugen 

Grunnforhold og grunnkjøp

KS2-rapporten kalkulerer også med 490 mill. kr som følgje av uvisse rundt kjøp av grunn og grunnforhold. Dei viktigaste årsakene til denne prisutviklinga er: 

  • Kjøp av grunn Mindemyren
  • Dårlege grunnforhold Løvstakken og Minde
  • Kostnad prosjektering 

Prisstigning

Rapporten kalkulerer med ein kostnadsauke på 200 mill. kr (3 prosent) som følgje av generell prisstigning frå september 2016 til oktober 2017. 

Det blir også tilrådd at avsettinga til uføresette kostnader bør aukast. 

Fakta KS2 

  • KS2 er eit kvalitetssikringsoppdrag som omfattar kostnads- og usikkerheitsvurderingar av Bybanens byggetrinn 4 til Fyllingsdalen.
     
  • Kostnadsvurderingane i KS2 vert samanlikna med vurderinga frå september 2016 som vart gjennomført som ein del av planarbeidet.
     
  • I samsvar med Byvekstavtalen utgjer KS2 grunnlaget for fastsetting av statens finansieringsdel (50 %) og endeleg finansieringsplan.
     
  • KS2 er utført at Holte Consulting på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune.