Tar lærdom av direkte ruter under Sykkel-VM

– Vi er utruleg begeistra over arrangementet og går berre rundt og smiler, oppsummerer fungerande fylkesordførar Pål Kårbø etter at Sykkel-VM er vel i hamn.

– Vi er veldig glade for at det gjekk så bra. Eg vil gje stor takk til arrangøren og alle dei 2000 frivillige som stod på dag og natt for arrangementet. Eg er og glad for at kollektivtrafikken gjekk så godt. Den fungerte stort sett optimalt, og for oss i fylkeskommunen er det viktig å ta lærdom av dei nye kollektivtraséane. Vi må sjå på om det er potensiale for forbetringar. Her tenkjer eg særleg på dei direkte rutene til Bergen busstasjon. Vi har alt lagt inn direkteruter i neste runde med anbod for Nordhordland som skal gjelde frå august 2018. 

La om reisevanene 

Pål Kårbø rosar dei reisande som var flinke til å leggje om reisevanene under Sykkel-VM. 

– Dei reisande såg at det gjekk an å sykle og ta bussen. Eg håpar at erfaringa den enkelte har gjort med sykling, gåing og ta buss medfører nye reisevaner. Vi skal ta med oss begeistringa Sykkel-VM har skapt, vidare, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. 

Stolt over Bergen 

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen er svært nøgd.

– Eg er stolt over Bergen og bergensarane. Eg er utruleg imponert. Publikum har skapt VM. Vi har hatt 700 000 på Sykkel-VM. Siste helga kom det 300 000. Dette er mykje meir enn vi hadde rekna med, seier Tiedemann Hansen.