Busstakst for periodekort Bergen-Arna

I løpet av april blir det innført busstakst for periodekort med tog Bergen-Arna. Det er klart etter forhandlingar mellom Hordaland fylkeskommune og NSB.

– I første omgang skal busstaksten gjelde for dei som kjøper peridodekort på mobiltelefon. Alle andre reisande må framleis betale pris som før. Vi er i forhandlingar med NSB og vonar å få til busstakst for alle reisande med tog Bergen-Arna, seier fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme.

Hordaland fylkesting vedtok i desember 2015 å innføre såkalla einingstakst både for buss, bane, båt og tog i sone Bergen. Bak vedtaket stod A, KrF, Sp og SV. 10 millionar kroner vart sett av til tiltaket. Løyvinga er vidareført i år. Einingstakst inneber at ein kan reise i heile sone Bergen med same billett og gå saumlaust mellom buss, bane, båt og tog.

Sparar mykje pengar

Til no har tog ikkje vore med i einingstaksten.

– Vi er glade for at vi er kome til semje med NSB om periodebillettar på mobiltelefon. Dermed vil dei faste reisande og dei som reiser mykje, spare pengar. Men vi skal framleis jobbe for at dei andre reisande og skal kunne reise for busspris med toget, seier Kvamme.

Ulike prissystem og rabattar mellom Hordaland fylkeskommune og NSB har vore årsaka til at det ikkje har vore mogeleg å få til einingstakst på toget. Det står framleis att ein del uavklarte ting før det kan bli einingstakst for alle.

God dialog

– Vi klarte ikkje å få med alle reisande i denne omgangen. Dialogen vi har hatt med NSB har vore god, og den gode dialogen skal halde fram med sikte på å få til einingstakst for alle reisande, seier Kvamme.

NSB tapar ikkje pengar på einingstaksten. Hordaland fylkeskommune betalar mellomlegget mellom vanleg NSB-takst og einingstaksten.

– Dette har vi jobba for i mange år, og var noko av det første vi sette i verk etter at vi vann valet i 2015. For Arbeiderpartiet, KrF, Sp og SV er det avgjerande at dei reisande får eit så godt og ukomplisert tilbod som overhode mogleg, seier fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme.

Utfordrande

Statsekretær i samferdselsdepartementet, tidlegare fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, er svært nøgd.

– Vi reknar med at dei reisande vil spare millionar av kroner. Det har vore utfordrande å få dette til, men vi reknar med å vere på plass i løpet av april, seier Tom-Christer Nilsen.