Ber industriverksemder intensivere reduserte klimautslepp

– Vi er uroa over at reduksjonen av klimagassutslepp i Hordaland ikkje skjer raskt nok, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Eit samrøystes fylkesutval oppmodar dei sju største industriverksemdene i Hordaland om å intensivere arbeidet med å optimalisere drifta for å redusere utsleppa.

– Bedriftene har vore flinke og greidd å redusere utsleppa, men vi vil oppmode dei om å gjere endå meir. Det hastar med å få ned utsleppa av klimagassar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Dei sju største industriverksemdene i fylket slepp ut om lag tre millionar CO2-ekvivalentar årleg. Det utgjer om lag 60 prosent av klimautsleppa i Hordaland. Dette er Statoil Mongstad, Statoil Stureterminalen, Sør-Norge Aluminium as, Tizir Titanium & Iron AS, Elkem Bjølvefossen, Gassco AS og BIR avfallsenergi AS. 

Planar om reduksjon 

I samband med rullering av handlingsprogrammet i klimaplanen i fjor vedtok fylkestinget å be om informasjon om kva verksemdene kan og vil gjere for å redusere utsleppa. Alle verksemder svarar at dei har konkrete planar om reduksjon. Dette skjer mellom anna gjennom optimalisering av produksjonen for å få ned energibehovet og omlegging frå fossil til fornybar energi. 

Samla har verksemdene planar om å redusere utsleppa med 264.000 tonn CO2 innan 2019 og ytterlegare 128.000 tonn innan 2024. Samanlikna med 2016 er dette ein reduksjon på 9,6 prosent i 2019 og 14,3 prosent i 2024. 

Omlegging 

Fylkesutvalet støttar satsinga på omlegging frå fossil til fornybar energi i prosessindustrien. Ei omlegging her vil gi store utsleppsreduksjonar og kan vere ein inspirasjon til andre verksemder om å gjere det same. 

I tilbakemeldingane nemner fleire verksemder at Enova ikkje lenger støttar energistyringstiltak i kvotepliktig sektor. Fylkesutvalet ber olje- og energidepartementet om å revurdere vedtaket om at Enova ikkje lenger skal gi slik støtte, og peikar på at det er framleis behov for nasjonale verkemidlar og incentivordningar retta mot kvotepliktig industri. 

Fylkesutvalet vil understreke hastemomentet i arbeidet med å redusere klimagassutslepp frå industrien. Det europeiske kvoteregimet er i dag ikkje eit effektivt nok verkemiddel til å oppnå måla som er satt for 2020 og 2030. 

Styrke samarbeid 

Fylkesutvalet meiner forsking og teknologiutvikling er nødvendig for å oppnå optimalisering og omlegging i industrien og kan føre til ny industriell aktivitet med klimavenleg profil. Fylkesutvalet vil medverke til at samarbeidet mellom forskingsmiljøa og industrien på Vestlandet blir ytterlegare styrkast. 

Fylkesutvalet ser og på karbonfangst og –lagring som ein nødvendig del av løysinga på klimautfordringane. Teknologisenteret på Mongstad må utviklast vidare. Pilotprosjekt for lagring av CO2 må gjennomførast. 

Utvalet peikar og på avfallsindustrien som ikkje er kvotepliktig, men som står for store utslepp, mellom anna frå brenning av matavfall og plast. CO2-fangst må utgreiast på forbrenningsanlegget i Rådalen. Matavfall må sorterast og gjenbrukast til produksjon av biogass.