Askøy samla på ein tannklinikk

– Dette er ein stor tannklinikk som fungerer godt, har godt fagmiljø, og det er attraktivt å søkje seg hit, sa fungerande fylkesordførar Pål Kårbø då han opna den nye tannklinikken på Kleppestø. Den har 17 tilsette, 11 behandlingsrom og har kosta 22 millionar kroner.

Den nye tannklinikken på nesten 600 kvadratmeter vart offisielt opna 21. juni. Den ligg i Kleppestø senter. Med dette er to gamle tannklinikkar i Florvåg og på Kleppestø lagt ned.

Overtannlege Mette Vallentinsen var svært nøgd.
– Dette er den flottaste tannklinikken i Hordaland. Vi er kjempestolte, sa Vallentinsen.

Ordførar Terje Mathiassen strålte.
– Vi er glade for at vi har fått ein så fin tannklinikk her på Kleppestø i regionsenteret, sa Mathiassen.

TannN1000B8876.jpg

Fylkesordførar Pål Kårbø og fylkestannlege Arne Åsan overrekkjer eit kunstverk til klinikkleiar Cecilie Femsteinevik.

Fantastisk stille

Cecilie Femsteinevik leiar klinikken.

– No har vi fått ein stor klinikk på Askøy. Det mest fantastiske er at det er så stille her. Vi merker ikkje at folk jobbar, sa Femsteinevik

Ein av dei store gledene til fylkestannlege Arne Åsan er å reise rundt og opne tannklinikkar i fylket.

– Kvar gong seier eg at det er den mest moderne i Hordaland. Det kan eg seie denne gongen og, men det er og den dyraste i fylket. Den er bygd i eit eksisterande kjøpesenter. Det stilte store krav under bygginga. Dette er og den første klinikken der vi har installert røntgenutstyr på kvar tannlegestol, sa Åsan.

TannN1000B8945.jpg

Som den første offentlege tannklinikken i fylket har Askøy tannklinikk fått røntgenutstyr på alle tannlegestolar.

Lenge på leit

Fylkeskommunen har lenge vore på leit etter nye lokale til tannklinikk på Askøy.

– Saka løyste seg etter ein prat med Roald Steinseide på eit fylkesting. Han var varaordførar på Askøy og med i fylkespolitikken. Eg spurde han og 14 dagar etterpå hadde det løyst seg. Og nå står vi her i dag, sa fylkestannlege Arne Åsan.

TannN1000B8906.jpg

Ragnhild Aak Skajaa ved eigedomsavdelinga i fylkeskommunen har vore prosjekteiar for bygging av tannklinikken og avduka plaketten med namnet på klinikken.

TannN1000B8935.jpg

Nye Askøy tannklinikk har pasientløftar slik at funksjonshemma enkelt kan kome seg i tannlegestolen.