Årstad tannklinikk har flytta i paviljong

– Det går fint å vere her, seier Hamza al Gamati (13). Han får pussa tennene i den nye paviljongen til Årstad tannklinikk.

– Det er første gongen eg er her. Eg såg på ein plakat kvar vegen hit gjekk, seier Gamati. Årstad tannklinikk er mellombels flytta ut av lokala i overlege Danielsens hus og inn i ein stor paviljong på parkeringsplassen utanfor. 

– Vi måtte ut av lokala våre grunna oppussing. Om eitt år er vi tilbake. I mellomtida skal vi bli her i paviljongen og på to andre tannklinikkar, seier Hazel Axinto Rødseth, leiar av Årstad tannklinikk. 

ArstadTannN1000B6557.jpg

Denne paviljongen skal huse Årstad tannklinikk i eitt år, mens huset i bakgrunnen, overlege Danielsens hus blir pussa opp. 

Nytt ventilasjonsanlegg 

Hordaland fylkeskommune leiger lokale til tannklinikken hos Universitetet i Bergen. Heile huset skal pussast opp utvendig og nokre etasjar innvendig. Ventilasjonsanlegget skal skiftast ut. Årstad tannklinikk flytta inn i 2014 og har ikkje behov for oppussing innvendig. 

– Men vi flyttar ut for å unngå problemet med alt støvet under oppussinga. I paviljongen har vi fått plass til ni av 14 behandlingsteam. Resten er plassert på andre klinikkar. 

Mange telefonar 

Det tok 50 dagar å bygge paviljongen. Flyttesjauen vart unnagjort på ei veke. 

– Flyttinga har gått greit. Vi hadde ikkje internett og telefon nokre dagar, men det ordna seg fort. Vi har fått mange telefonar. Mange spør om kvar vi er, men vi har inntrykk av at pasientane synest det er fint å kome hit. Vi sender tekstmelding til pasientane om kvar dei skal møte, seier Hazel Axinto Rødseth, leiar av Årstad tannklinikk.