Debatt om skulenamn

Fylkestinget i Hordaland har i dag avgjort namna på seks vidaregåande skular som blir slegne saman til tre skular. Dei nye namna er Kvam vidaregåande skule, Arna vidaregåande skule og Tertnes vidaregåande skule.

Tertnes og delar av U. Pihl blir no til Tertnes vidaregåande skule. Forslaget om å gje nynorsk namn til Tertnes vart vedteke med 40 røyster mot 12 røyster frå Høgre og 5 frå Frp.

Åsane

På tomta til U. Pihl videregående skole skal nye Åsane videregående skole byggast i perioden 2018 til 2020. Utdanningsprogram og tilsette ved U. Pihl blir fordelt på Tertnes og Åsane vidaregåande skular.

Norheimsund og Øystese

Den samanslegne skulen Norheimsund vgs og Øystese vgs blir kalla Kvam vidaregåande skule med 44 mot 13 røyster. Mdg (3), Venstre (3) og Frp (7) røysta for at skulen skulle få namnet Hardanger. Den nye Kvam vidaregåande skule skal flytte inn i eit nybygg på ny tomt i Norheimsund i 2027.

Arna og Garnes 

Dei samanslegne skulane i Arna og Garnes skal heite Arna vidaregåande skule. Fylkestinget var samrøystes. Den nye skulen i Arna skal stå ferdig på Seimsmyrane i 2028.