925 000 kroner til tettstadutvikling

Hordaland fylkeskommune har tildelt 925 000 kroner til kommune- og tettstadutvikling i sju kommunar i fylket: Askøy, Osterøy, Os, Lindås, Radøy, Bømlo og Fedje.

Plansjef Marit Rødseth ved regionalavdelinga til fylkeskommunen er godt nøgd med tildelinga av pengane.

– Målet er å skape attraktive senter i fylket. Tildelinga er ei viktig oppfølging av den regionale planen for attraktive senter og oppfølging av samarbeidet med kommunane. Vi har lagt vekt på støtte til regionsenter spesielt, seier plansjefen i Hordaland fylkeskommune.

FinnebrekkaIdagN1000.jpg

Slik ser det ut på Finnebrekka på Osøyro i dag. (Illustrasjon:  Planeininga Os kommune)

Til nytte i andre kommunar

Pengane skal gå til planlegging av attraktive senter og prosessar i tilknyting til dette. Mange av prosjekta er pilotar der erfaringar vil kunne nyttast av andre kommunar i fylket. 

Askøy kommune får 62 500 kroner til å lage ein modell som visualiserer planane for Kleppestø sentrum. Denne modellen skal bli ein del av høyringa for utbygginga. 

Osterøy kommune får 112 500 kroner til utforming av designmal for miljøgate som skal gjere Valestrand til ein attraktiv tettstad.

Os kommune får 150 000 kroner til ein muligheitsstudie om bustadfortetting på Osøyro, austom elva. 

Lindås kommune får 150 000 kroner til å planlegge mellombelse byrom i Knarvik. 

Radøy kommune får 150 000 kroner å planlegge ny bruk av offentlege bygningar i sentrum. 

Bømlo kommune får 150 000 kroner til å planleggje ny bruk av ledige tomtar og hus i Svortland sentrum. 

Fedje kommune får 150 000 kroner til å planleggje utforming av attraktivt senter.

Ni kommunar søkte

Totalt kom det 11 søknader frå ni kommunar på i alt 2,4 millionar kroner.

Pengane er tildelt gjennom den fylkeskommunale tilskotsordninga «Tilskot til kommune- og tettstadplanlegging».