12 millionar kroner til forsking på sjømatproduksjon

UNI Research-prosjektet KABIS får tolv millionar frå Forskingsrådet til forsking på korleis oppdrettsnæringa kan bli meir miljøvenleg.

– Vi er svært godt nøgd med tildelinga og er glad for å ha vore med å bidra til utarbeiding av søknaden, seier fylkesdirektør for regional utvikling Bård Sandal.


Miljøvenleg og kostnadseffektivt

Prosjektet «Kapasitetsløft for bærekraftig og innovativ sjømatproduksjon», KABIS, skal bidra til ny kunnskap og innovasjon innan lukka produksjonsteknologi for oppdrettsnæringa. Målet er å oppnå ein miljøvennleg og kostnadseffektiv produksjon av laksefisk.

Hordaland fylkeskommune har følgd opp seks ulike prosjekt som til slutt ble tre prosjektsøknader. Arbeidet har vore prega av tett oppfølging og dialog for å sikre best mogleg kvalitet på søknadane. Konkurransen nasjonalt er sterk.

– Som fylkeskommune skal vi legge til rette for næringsutvikling i fylket. Å ha gode kompetansemiljø som med ressursar til å løyse næringslivet sine behov er då svært viktig, seier Sandal.

Forskningsrådet deler til saman ut 80 millionar på landsbasis til sju langsiktige prosjekt som skal styrke forsking på område av særleg betyding for næringslivet i dei aktuelle regionane. Dette skal mellom anna gjere regionane betre på å omstille seg. For første gong er det også eit krav at fylkeskommunen skal vere med i søkjeprosessen.

Ny utdanningsmodell

Behovet for å utnytte ressursane i havet på ein betre og meir miljøvenleg måte er stort. Prosjektmidlane skal brukast til å auke forskingskapasiteten på området, samt å bygge ein ny modell for utdanninga innan næringa. Studentane skal være mykje meir ute i bedrift enn dei er i dag, samstundes som samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og bedriftene skal bli tettare.

– Havbruksnæringa står overfor store utfordringar, mellom anna når det gjeld miljøvenleg drift og å hindre oppblomstring av lakselus. Samstundes er det eit svært godt fagmiljø som driv forsking på denne næringa, seier Sandal.

Vestlandsdominans

KABIS-prosjektet har eit samla budsjett på 55 millionar kroner. I tillegg til midlane frå forskingsrådet skal mellom anna Hordaland fylkeskommune bidra med støtte.

Heile fire av sju prosjekt i «Kapasitetsløftet» gjekk til Vestlandet. I Sogn og Fjordane fekk Høgskulen på Vestlandet midlar til prosjektet «Teknoløft Sogn og Fjordane», og i Rogaland fekk Universitetet i Stavanger midlar til to prosjekt «Kompetanseløft tunellsikkerhet» og «Smart energi hub».

 

FAKTA/ KABIS 

  • KABIS (Kapasitetsløft for bærekraftig og innovativ sjømatproduksjon) er eit seksårig prosjekt som blir leia av Uni Research.
  • Med seg har dei Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Hordaland Fylkeskommune, Bergen kommune og 12 akvakulturbedrifter. NCE Seafood og SFI CtrlAqua er også sentrale i prosjektet.
  • Prosjektet har eit samla budsjett på 55 millioner kroner. Dette inneber bidrag frå offentlige midlar, frå næringa sjølv og eigeninnsats frå forskningsaktørane i prosjektet.
  • Hordaland fylkeskommune skal være representert i styringsgruppa for prosjektet

Les meir om prosjektet på nettsidene til UNI Research og Forskningsrådet.