Vi har fått nye nettsider

Her ser du Hordaland fylkeskommune sine  helt nye, brukarvenlege og tenesteorienterte nettsider. Dei blei  lanserte på fylkestinget tysdag.

- Dette er ein viktig milepæl for Hordaland fylkeskommune og eit godt døme på at vi i tillegg til å utvikle fylket også utviklar oss sjølve, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Hordaland fylkeskommune er opptekne av at brukarane våre skal få løyst oppgåvene sine. På dei nye nettsidene kjem derfor tenestene vi tilbyr tydeleg fram, som til dømes tilskot eller søknadsordningar, korleis søke konsesjon, eller kva som må til for å ta eksamen som privatist. Nettstaden er i all houvudsak delt inn i temasider og tenestesider.

I tilknyting til ein tekst som hjelper brukaren til å løyse oppgåva, blir fylkeskommunen sine kontaktpersonar presentert med namn og bilde.

- På den måten ønskjer vi å vere i betre dialog med brukarane, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.  

Innspel til kva som er viktig for brukarane våre, enten det er dei kommunetilsette eller leiarar i lag og organisasjonar, har vi fått gjennom både kvalitative og kvantitative brukarundersøkingar.

Elektroniske skjema

Det er ikkje berre nye nettsider som blir lanserte i dag. Også splitter nye elektroniske søknadsskjema blir lanserte som ein del av dei nye nettsidene.

- Ved at brukaren kan fylle ut all naudsynt informasjon og laste opp filar og sende inn elektronisk, har søknadsprosessen blitt mykje enklare. Dette gjeld spesielt for brukarane våre, men også internt seier Haugsdal.  Skjema som har søknadsfrist nær i tid er elektroniske. Dei andre utviklar vi fortløpande.Vi vil óg utvikle vidare dei sidane som ikkje er heilt ferdige. Dei vil bli klare om kort tid.

Universelt utforma og responsiv design

Sida er utforma nøye for å møte krava til universell utforming. Her er det ikkje berre krav til at det skal vere lett å lese og riktig kontrast, men og at vi nyttar eit godt språk som ikkje er byråkratisk og vanskeleg å forstå. Nye nettsider må også vere responsive, det vil sei at dei må fungere godt på både PC, mobil og nettbrett. Dette er viktig for alle, men spesielt for elevane i den vidaregåande skulen som sjekkar mykje på mobilen når dei er i farta.

- Når Hordaland fylkeskommune i løpet av fjoråret i tillegg gav alle dei 46 vidaregåande skulane i fylket nye nettsider, er vi no rusta til å vere i en god digital dialog med brukarane våre, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.