Vedteke tannklinikkplan for Hordaland fram til 2030

Fylkestinget vedtok 8. mars tannklinikkplan for Hordaland fram til 2030. Dei komande åra vert enkelte tannklinikkar lagde ned, andre vert slegne saman i større einingar og det vert nye lokale for ein del klinikkar.

 

Målet med planen er å utvikla ein klinikkstruktur som kan tilby innbyggjarane i Hordaland stabile tennhelsetenester av høg fagleg kvalitet.

Større klinikkar

Tannhelsetenesta i fylket er delt inn i fem distrikt pluss spesialisttilbodet  Tannhelsetenestas kompetansesenter i Bergen. Den vedtekne planen fører til omleggingar i alle distrikta. I alle distrikta vil tannhelsetilbodet i hovudsak verta konsentrert til store klinikkar i løpet av perioden fram til 2030. Dei største endringane vil skje i åra fram til 2024-25.

Nedleggingar

  • I 2016 blir tannklinikkane i Fedje, Masfjorden, Modalen og Granvin lagde ned.
  • Austrheim som i dag ikkje har tannklinikk, skal få ny klinikk når nybygg til Austrheim vidaregåande skule blir bygd. Fylkestinget vedtok at då blir Lindås tannklinikk flytta til dette nybygget.
  • Dalekvam og Tysse tannklinikkar blir lagde ned når ny tannklinikk i Indre Arna er klar til bruk i 2018.
  • Frekhaug tannklinikk blir lagt ned og overført til ny klinikk i Helsehuset Nordhordland som skal stå klart i Knarvik i 2018.
  • Tysnes tannklinikk vil bli vurdert nedlagt når ny tannklinikk i Os står klar i 2022.
  • Sælen tannklinikk blir lagt ned når ny tannklinikk i Fyllingsdalen er etablert i 2024.
  • Laksevåg tannklinikk blir lagt ned når det er kapasitet på naboklinikkane til å overta pasientane.
  • For ein del andre klinikkar vil det blir gjort ny vurdering når ny kommunestruktur og oppgåvefordeling er avklart.

Samlokaliseringar

  • Askøy tannklinikk er under bygging, og vil vera ferdig i desember 2016. Dette er ei samlokalisering av Kleppestø tannklinikk og Florvåg tannklinikk.
  • I Fana skal det etablerast ny tannklinikk i 2019 og det blir ei samlokalisering av Nesttun tannklinikk og Nesttun tannklinikk.
  • I Åsane vil U. Pihl tannklinikk og Rolland tannklinikk bli samlokaliserte i nybygg for Åsane videregående skole som skal stå klar i 2020.
  • Ny tannklinikk på Straume blir etablert i 2021. Sund tannklinikk og Ågotnes tannklinikk blir lagde ned når den nye klinikken er klar til bruk.

Kjøp av private

Der klinikkar blir lagde ned, skal ein undersøkja om det er potensiale for kjøp av private tannhelsetenester som eit alternativt tilbod til innbyggjarane i området, har fylkestinget vedteke.

Vedtaket i fylkestinget

Tannklinikkplanen for Hordaland 2015–2030 blei vedteken av fylkestinget med 33 mot 24 røyster.

Fleirtalet på 33 var Arbeidarpartiet(20), Fremskrittspartiet (7), Senterpartiet (4) og Kristeleg folkeparti (2). Mindretalet på 24 var Høgre (12), Venstre (3), Sosialistisk Venstreparti (3), Miljøpartiet de Grønne (3), Kristeleg folkeparti (2) og Raudt (1).