Storsatsing på betre folkehelse i nærmiljøa

– Vi skal fremje betre folkehelse i lokalsamfunna. Gode nærmiljø gjev god folkehelse, seier Else-Marie Aarø i Hordaland fylkeskommune.

Aarø er fylkesleier av den nye, nasjonale storsatsinga som skal gje meir kunnskap om kva som kva folk meiner bidrar til betre folkehelse i nærmiljøa. Næringssjef Mette Nora Sætre er leiar for styringsgruppa i fylkeskommunen.

– Vi veit at å vere aktiv i nabolaget gjev god helse og at nærmiljøet til folk verkar inn på livskvalitet og trivsel. Vi skal gjennom eit tre-årig prosjekt samarbeide med fire kommunar i fylket. Målet er å fram breiare kunnskap om kva som bidreg til god helse i desse nærmiljø- og lokalsamfunna, seier prosjektleiar Else-Marie Aarø.

Lokalsamfunnsutvikling

Prosjektet er oppfølging av dei to folkehelsemeldingane til Stortinget frå 2012 og 2014 der nærmiljø og lokalsamfunnsutvikling er løfta fram som viktige innsatsområde for betre folkehelse. For å følgje opp dette set Helsedirektoratet i gang prosjektet «Gode nærmiljø/lokalsamfunn som fremjar folkehelse».

– Dette er den store nasjonale satsinga dei neste åra på folkehelsearbeid. Totalt er åtte fylke og 40 kommunar med. I Hordaland dei fire kommunane Askøy, Bømlo, Fjell og Stord. Vi har fått to millionar kroner til satsinga i Hordaland i år. Under føresetnad av nye budsjettløyvingar vil vi få to millionar kroner også for 2017 og 2018 over statsbudsjettet. Hordaland fylkeskommune har tildelt frå desse prosjektmidlane 350 000 kroner til kvar deltakarkommune i 2016, seier Aarø.

Meir kunnskap

Dette prosjektet skal gje auka kunnskap om korleis folk har det der dei bur, og korleis innbyggjarane i kommunane opplever lokalsamfunna sine. Kva er viktige kvalitetar i nærmiljøet for helse og trivselen til folk?

– Denne kunnskapen er vanlegvis ikkje tilgjengeleg for dei som planlegg utviklinga i kommunane. Vi skal finne fram til kvalitative metodar som kommunane skal bruke til å kartlegge kva som er viktig for folk og korleis dei ønskjer å ha det. Dette er kartlegging av kunnskap som kjem i tillegg til statistikken over helsetilstanden i kom-munane som er tilgjengeleg i dag. Kunnskapen skal nyttast inn i oversiktsarbeidet og inni kommuneplanleg-ginga. Når prosjektet er avslutta, vil kommunane ha eit breiare grunnlag for å utvikle gode tiltak seinare, seier prosjektleiar Else-Marie Aarø.

Fire kommunar

Gjennom prosjektet satsar Stord kommune på å få til breiare medverknad frå innbyggjarane i området Sagvåg-Litlabø til kommunedelplan. Ei tverrsektoriell prosjektgruppe vil leggje til rette for involvering mellom anna ved stand på nærbutikk, facebookside og prosjekt i skulen. Målet er å finne trivselsfaktorar og gode møteplassar for folk.

På Askøy viser elevundersøkingar at nokre elevar opplever mobbing eller mangel på trivsel i skulen. Planen er å engasjere barn og unge, stoppe mobbing i skulen og auke trivsel og inkludering.

På Bjorøy i Fjell kommune skal ein få barn og unge til å medverke til aktiv bruk av skulevegen, slik at fleire går eller syklar og at bilbruken går ned. Barna skal vere med å finne fram til alternative skulevegar i skog og mark.

I Bømlo kommune blir det samarbeid med tre grendautval. Tre lokalsamfunn i kommunen er valt ut, Moster, Rubbestadneset og Espevær. Målet blir å utvikle godt samarbeid med lag og organisasjonar og fremje folkehelse der folk bur.

Nasjonal konferanse i Bergen

14. og 15. november samlar Hordaland fylkeskommune og Helsedirektoratet alle åtte fylka og dei 40 kommunane til felles konferanse i Bergen som ein del av kunnskapsspreiinga om prosjektet.

Hordaland har og presentert metodikken bak LivOgLyst på nasjonal prosjektsamling på Gardermoen no i vår. Målet er å inspirere andre til å nytte metodikken. Det er eit unikt prosjekt som Hordaland står bak for å skape ny aktivitet i små lokalsamfunn.