Satsar på havvind og tidevatn

Søndag 11. september reiste 12 elevar frå Knarvik vidaregåande skule til Skottland for å sjå på fornybar energi gjennom havvind og tidevatn. I det internasjonale prosjektet er også Normandie i Frankrike med.

– Vi har hatt som mål å vise at utdanning i Hordaland kan bli litt mindre oljefokusert. Vi har no lærarar som deltek i dette prosjektet som vidareutdannar seg innanfor fornybar energi. Vi har som mål å bli tydelegare på dette området i framtida, seier faglærar Bjørn Brekkan ved Knarvik vidaregåande skule.

Finansiert av EU

Dette er eit EU-prosjekt finansiert gjennom Erasmus+. Elevane skal sjå på korleis eksiste-rande fag innanfor elektro og TIP kan tilpassast til industri knytt til vedlikehald og drift av havvindturbinar og tidevasskraftverk. Samarbeidspartnarar i prosjektet er regionrådet i Nedre-Normandie i Frankrike og Energy Skill Partnership i Skottland.

Dei 12 elevane skal vere i Skottland i to veker. Skottland satsar stort på fornybar energi og har mange vindparker på land og etter hvert og fleire havvindparkar.

Dei har bygd opp undervisingskompetanse for vindkraft og ønskjer og å kunne utdanne fagfolk til å drifte og vedlikehalde vindturbinar på havet med dei utfordringane det gir.

Vindpark

I Normandie skal det installerast ein vindpark utanfor kysten. Dei har eit stort behov for å utdanne kompetente fagfolk til å drifte og vedlikehalde denne vindparken. Det er og planar om å setje ut tidevassturbinar for å utnytte dei sterke straumane i den engelske kanalen.

Regionrådet i Normandie ønskjer å bruke yrkesutdanninga i regionen og utvikle og tilpasse den til det nye kompetansebehovet.

– Knarvik vidaregåande skule vart spurt om å bidra i dette prosjektet, sjølv om det er lite industri rundt oss som er knytt til vindkraft. Vi ønskjer å vere klare for nye satsingsområde når oljeindustrien får ein nedgang slik som vi ser nå. Vårt mål er å la elevar sjå at kompetansen, dei får på TIP og elektro, kan brukast på fleire område enn den tradisjonelle industrien. Vårt bidrag til EU-prosjektet er mellom anna samarbeidet vi har mellom skule og bedrift gjennom TAF, og samanhengen mellom teoretisk undervising på skulen og praktisk opplæring i bedrift, seier Bjørn Brekkan.

I november får Knarvik vitjing av elevane frå Normandie. Neste år blir prosjektet avslutta.