Opplev kulturhistoria i Hardanger med veteranbåt

– Vi har fått kopla saman museum med ein rundtur der ein kan hoppe av og på og oppleve kulturhistoria i Hardanger, seier prosjektleiar Tor Titlestad i Hordaland fylkeskommune. Ein veteranbåt har frakta turistar mellom historiske stader i Sørfjorden i sommar.

– Vi håpar at dette kan bli ein årleg tradisjon. No jobbar vi med å få inn operatørar som kan drifte veteranbåtane vidare, seier Titlestad.

Den kulturelle fjorden

Veteranbåten «Gå På» bygt i 1938 har i sommar frakta turistar mellom Lofthus, Aga og Utne. Fylkesutvalet har gjeve Hardanger fartøyvernsenter konsesjon for turistruta i 10 år.

– Båtruta kom i gang som ein del av verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren. Det skal syne korleis kulturminne i større grad enn i dag kan bli nytta lokalt til miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping. Båtruta i Hardanger er ein del av verdiskapingsprogrammet «Den kulturelle fjorden», fortel Titlestad.

I tillegg til midlar frå Riksantikvaren har Hordaland fylkeskommune bidrege med pengar til prosjektet gjennom næringsmidlar og kulturmidlar.

VetranbatLindesnesN1000.jpg

Neste år kan «Lindenes» bli sett inn i veteranbåtruta på Sørfjorden. Båten er frå Odda og gjekk i si tid med arbeidrarar mellom Odda og Tyssedal. I 1980 gjekk den ut av bruk og har vore brukt som charterbåt i Oslo. I fjor vart den kjøpt tilbake for å bli Odda sin båt. (foto: privat)

Vri trafikken frå Sogn til Hardanger

Tor Titlestad meiner det er marknad for fjordabåtcruise på Vestlandet.
– På Sognefjorden var det 70.000 passasjerer i fjor. Årsaka er nok at dei er flinke til å nytte Bergen som innfallsport for turisttrafikken. Vi ønskjer å vri noko av denne trafikken til Hardanger. Særleg Sørfjorden er godt lagt til rette for offentleg transport med tog til Voss og buss sørover. Legg vi til aktivitetar som Trolltunga, kortreist mat, kulturattraksjonar som Lofthus, Utne og Aga, i kombinasjon med veteranbåtar på fjorden, har vi flotte ressursar for reisemålsutvikling, meiner Tor Titlestad.

Cecilie Holm i Hardanger fartøyvernsenter, som har konsesjon for båtruta, fortel at dei har brukt veteranbåten «Gå På» i sommar. Den vart bygt ved Kjørve båtbyggeri i Farsund i 1938 og frakta fisk til kontinentet.
– Neste år håpar vi å kunne bruke den gamle Odda-båten «Lindenes». Den vart brukt til å frakte arbeidarar mellom Odda og Tyssedal, seier Cecilie Holm. I fjor vart båten kjøpt tilbake til Odda etter at den i mange år har vore charterbåt på Oslofjorden.

VeteranbatMoteN1000.jpg

Desse jobbar for å få til ein veteranbåttrute i Hardanger: Cecilie Holm, Hardanger og Voss Museum (f.v.), Geir Andersen, Ullensvang Næringsforum, Borgny Eidesvik, Fartyet «Gå PÅ», Bjørn Viveli og Ivar Opedal, Fartyet «Lindenes», Tor Titlestad, Hordaland fylkeskommune, Dag Aksnes, NCE Tourism, Aina Eidesvik, Fartyet «GåPÅ», Trude Rinaldo, Hardangerrådet, Randi Bårtvedt, Hardanger og Voss Museum, Edmund Utne, Hotel Ullensvang,  Aina Christine Matre, Sandviken Kystkultursenter, Hans Jørgen Andersen, Reisemål Hardanger Fjord og Egil Sunde, Sandviken Kystkultursenter.

Som Telemarkskanalen og Skibladner

Reiselivsdirektør Hans Jørgen Andersen i Reisemål Hardanger Fjord seier at dei har jobba for å få til denne ruta i fleire år.
– Ein treårig prosjektperiode er over. Vi har brukt veteranbåtar som «Stord» og «Atløy». No må vi sjå på erfaringane og om vi kan få til realisme. Vi må få ein operatør til å ta på seg drifta for eiga rekning og risiko. Ein veteranbåtrute i Hardanger kan bli ein kjempetradisjon som Telemarkskanalen og Skibladner, seier Hans Jørgen Andersen.

Tilskot til fartøyvern