Nytt visingssenter for gull- og sølvprodukt

– Vi vil vise korleis gull- og sølvprodukt blir laga, seier Lilli-Anne Alver, ein av eigarane bak Arven Économusée som i dag opnar visingssenter midt i Bergen. 36 tilsette har arbeidsplass i det 1600 kvadratmeter store senteret på Dreggen.

– Vi er svært stolte av dei som arbeider her. Dette er dei beste i Noreg. Her har vi laga ein glasvegg inn til produksjonen for å vise korleis gull- og sølvprodukt blir laga og for å rekruttere ungdom til faget. Vi har eit handverk som det ikkje finst så mange av, seier Lilli-Anne Alver.

ArvenAlver1235.jpg

– Vi har eit handverk som det ikkje finst så mange av, seier Lilli-Anne Alver, ein av eigarane av Arven Économusée, med nokre av produkta som verksemda produserer og som er til sals i butikken.

Offisiell opning

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun opna Arven Économusée i dag, saman med byrådsleiar Harald Schjelderup. Hestetun seier Hordaland fylkeskommune har eit stort ansvar for fagutdanninga i fylket.

– Arven Économusée er blitt ei levande kulturarvbedrift og ein spanande arbeidsplass for flinke og engasjerte sølv- og gullsmedar. Dette har stor verdi for samfunnet. Eg vonar vi kan få til eit godt samarbeid for å få ungdom utplassert og i lære i sølv- og gullsmedfaget, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

ArvenSkei1240.jpg

Å lage ei sølvskei tek sju prosessar. Deretter skal skeia pussast, polerast og eventuelt inngraverast.

Nesten 150 år

Arven Économusée har historie nesten 150 år attende i tid til 1868 då den tradisjonsrike sølvvarefabrikken Theodor Olsen Sølvvareverksted vart skipa i Bergen. Sølvvarefabrikken rommar arven etter mange av dei største sølv- og gullsmedane i Bergen: Magnus Aase, Marius Hammer, Jacob Tostrup, Brødrene Lohne og Sigurd Homstvedt. Design, handverk, kunnskap og erfaring frå tidlegare meistrar og produsentar blir vidareført og utvikla for marknaden framover.

Sølvvareverkstaden blir det 12. économusée i Noreg. Eit économusée er eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visingssenter der ein både kan sjå handverket bli utført og kjøpe produkt.

ArvenKrus1210.jpg

Eit sølvkrus under produksjon i det nye Arven Économusée i Bergen.

Frå Canada til Europa

Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune brakte konseptet frå Canada til Europa og har fått mange millionar kroner i støtte frå EU til å etablere over 40 économusée i åtte land rundt Atlanterhavet. I dag er det nærmare 100 economusee i Canada, Noreg, Sverige, Irland, Nord-Irland, Færøyane, Island og Grønland.

– Économusée er eit godt døme på framifrå samarbeid mellom EU, Canada og Noreg, seier Inderhaug som no er i gang med tredje prosjektperiode. 22 nye économusée skal opnast i dei åtte samarbeidande landa, derav fem i Noreg. Oleana Économusée i Ytre Arna var det første av desse fem tidlegare i år.

ArvenFat1264.jpg

Flotte sølvfat er mellom produkta som sølvsmedane i Arven Économusée lagar.

Norges Vel har overtatt

Frå før er det 10 économusée i Noreg: Aurlandskoen i Aurland, Oselvarverkstaden i Os, Fjordtynna i Samnanger, Stine Hoff Glasblåsarverkstad i Bergen, Treskjerartunet på Voss, Tønnegarden i Fusa, Hillesvåg Ullvarefabrikk i Lindås, Syse fruktgard i Ulvik, Ledaal teppeveveri i Stavanger og Ullform i Stavanger.

Norges Vel har overtatt det administrative ansvaret for économusée-prosjektet. EU bidreg framleis med pengar.