Nye rektorar og nye skulesamanslåingar

16 955 elevar er no på veg til første skuledag. Særleg for 5 575 vg1-elevar og tre nye rektorar ventar ein ny og spennande skulekvardag.

Eit hektisk haustsemester står for døra på Hordaland fylkeskommune sine 43 vidaregåande skular. På fleire skular har det skjedd ei rekkje organisasjonsendringar ved at skular er slått saman. På tre av skulane, Bergen Katedralskole, Knarvik vidaregåande skule og Nordahl Grieg vgs, står nye rektorar klar til å møte elevane sine for første gong.

Dristige hjernar

Ein av desse nye rektorane er Leif Sigurd Danielsen på Nordahl Grieg vgs. Han er opptatt av skulen sin visjon - «dristige hjernar i samspel».

– Det er når heile skulen i fellesskap og gjennom samarbeid jobbar mot ein felles visjon at skuleutvikling gir gode resultat. Eg vil saman med medarbeidarar og elevar vidareutvikle Nordahl Grieg vgs som ein leiande skule innanfor læring, innovasjon og teknologi.

Nærmare elevane

Som rektor på Knarvik vgs er det viktig for Kari Espelund Bruvik å være tydeleg.

– Eg ønskjer å være ein tydeleg leiar som jobbar tett med avdelingsleiarane, for å komme nærmare klasserommet og dermed elevane. Det blir viktig å tydeleggjere ansvar og effektivisere administrative rutinar, slik at ein kan frigi tid til pedagogisk leiing, seier ho.

Seglar vidare

Lise Holsen på Bergen katedralskole er glad i å segle på fritida. Som ny kaptein på katedralskulen ser ho fram til å stake ut den vidare kursen saman med tilsette og elevar.

– Eg ønskjer å byggje vidare på dei lange tradisjonane og det gode fundamentet som skulen er tufta på, samt møte aktuelle samfunnsutfordringar på ein open og inkluderande måte, seier Holsen.

Når to blir ein

Sidan førre skuleår har det også vore ein del samanslåingar av skular i Hordaland. Øystese gymnas og Norheimsund vgs er slått saman administrativt. På denne skulen er Ingebjørg Bakke rektor. 

I Arna har dei vidaregåande skulane Garnes vgs og Arna vgs blitt éin skule. Marianne Rolland Løvskar er rektor på den omorganiserte skulen med namn Arna vidaregåande skule.

I tillegg til dette er Lønborg vgs slått saman med Åsane vgs. Åsane vgs sitt vaksenopplæringssenter har flytta inn i dei tidlegare lokala til Lønborg vgs. Jens-Petter Storheim er rektor på Åsane vgs.