Litauen og Hordaland lærer administrasjon av kvarandre

Gode modellar for kommunal administrasjon og tenester står på dagsorden i eit nytt prosjekt mellom Hordaland fylkeskommune og seks kommunar i Litauen. Ein delegasjon på 40 personar har gjesta fylket og fått innblikk i strategisk planlegging og anti-korrupsjonsarbeid.

Bakgrunn for prosjektet er at Hordaland fylkeskommune har hatt samarbeid med Kaunas i Litauen sidan 1991/92. I tillegg til Kaunas er fem omkringliggande kommunar med i prosjektet som er godkjent som eit EØS-prosjekt/EEA-Grants project.

Samarbeid

Hordaland fylkeskommune ved regionalavdelinga er ein av hovudsamarbeidspartnarane. Målet er å auke administrativ kompetanse, utveksle erfaringar og gode modellar og gi innblikk i kommunal administrasjon, prosessar og tenester i Noreg.

Delegasjonen frå Litauen er samansett av både politikarar og byråkratar. Dei har vore to dagar i Hordaland. Her har dei fått innføring i strategisk planlegging, anti-korrupsjonsarbeid og samarbeid mellom fylke og kommune.

I Kvam og Fjell

Delegasjonen har og vore på vitjing i Kvam og Fjell og fått innblikk i kommunal planleg-ging, kommunesamarbeid, folkehelsearbeid, tenester og organisering av helse- og omsorgssektoren. Prosjektet ser og framover og ønskjer å få i gang dialog kommune til kommune mellom Noreg og Litauen innafor ulike fagområde.

I tillegg til vitjinga i Hordaland, har delegasjonen vore i Sogndal og Oslo. Til hausten skal deltakarane frå Hordaland delta på ein konferanse i Kaunas.

KvamLitauenN1000.jpg

Fredag 17. juni var delegasjonen i Kvam.