Ny rekord i spelemidlar til idrettsanlegg i Hordaland

For første gong har Hordaland fylkeskommune fått over 100 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i fylket. Utval for kultur, idrett og regional utvikling har fordelt nesten 109 millionar kroner til 78 ordinære anlegg og 52 nærmiljøanlegg.

Totalt har Hordaland fylkeskommune fått 344 godkjente søknader frå alle 33 kommunar i fylket på i alt 365,5 millionar kroner. Til nærmiljøanlegg er det 106 søknader frå 23 kommunar for totalt 24 millionar kroner.

Spelemidlane utgjorde i år 103,7 millionar kroner. I tillegg er renteinntekter og inndregne midlar fordelt, slik at totalsummen utgjer 108,771 millionar kroner. 97,2 millionar går til ordinære idrettsanlegg, mens nærmiljøanlegga får 11,5 millionar kroner.

Fleirbrukshall på Bønes

Store anlegg som får spelemidlar i år er: Fleirbrukshall ved Amalie Skram vgs 8 mill. kr, fleirbrukshall ved Bønes skole 8 mill. kr , stupeanlegg ved Helleren 7,6 mill. kr. Totalt 30,7 mill. kr går til anlegg i Bergen kommune.

I dei andre kommunane i fylket får fleirbrukshall i Straume idrettspark 6,6 mill. kr, Selbjørn fleirbrukshall i Austevoll 5,8 mill kr, kunstgrasbane i Eikelandsosen 2,5 mill. kr, fleirbrukshall i Ulvik 2,7 mill. kr, fleirbrukshall i Kinsarvik 3,2 mill. kr og fast dekke på friidrettsbana i Husnes 2,3 mill. kr.

Badeplassar og dagsturhytter

Til nærmiljøanlegg er det tildelt 11,5 millionar kroner som utgjer 51 prosent av summen det vart søkt om. 18 søknader er knytt til friluftsliv friområde/kart/dagsturhytter/badeplassar frå 14 kommunar. Ballbingar/ballbanar/balløkker dominerer framleis som anleggstype med 26 søknader fordelt på ni kommunar. Bergen kommune søkjer om tilskot til 9 ballbingar.