Modell frå Nederland skal hindre skulefråfall på Askøy

Eit prosjekt i Nederland har sytt for mindre fråfall i skulen. No skal skular på Askøy, med god hjelp frå Hordaland fylkeskommune, lære av nederlendarane.

Elevar, representantar frå MOT og Askøy kommune har saman med representant frå fylkeskommunen si oppfølgingsteneste OT/PPT og internasjonal avdeling vore på besøk i Den Haag i Nederland og observert prosjektet Pluscoach i praksis.

90 prosent blir verande

Pluscoach er ein nederlandsk organisasjon som har som mål å førebygge fråfall i skulen. Skulen tar kontakt med Pluscoach når dei ser at ein elev har utfordringar og skulen ikkje klarar å løyse dette sjølv. Og det verkar. Pluscoach-modellen kan vise til at 90 prosent av ungdommane som dei jobbar med i 3-6 månadar held fram i vidaregåande skule.

Etter å ha vore med på eit Erasmus+finansiert seminar om fråfall i skulen som Hordaland fylkeskommune arrangerte i fjor, kom Pluscoach og Askøy kommune i kontakt med kvarandre. Med hjelp til å fylle ut søknad om midlar, har no Askøy og organisasjonen MOT starta pilotprosjektet.

Kanskje aktuelt for heile fylket

Planen er at også andre skular i fylket forhåpentlegvis kan bli inspirerte av Pluscoach. Derfor har Tyra Hesseberg og Cecilie Steinsland frå OT/PPT vore  observatørar i 4 dagar og er no i ferd med å skrive ein rapport frå korleis dei jobbar i Pluscoach, for å vurdere om dette er noko som kan overførast også her i Hordaland.

– Vi skal sjå på korleis vi kan implementere det vi har lært i Nederland med arbeidet vårt i OT/PPT.  Vi har fått mykje inspirasjon og idear til arbeidet vårt, seier Tyra.

Spesielt det å kople ein elev med ein coach eller rådgjevar basert på eleven sitt problem og coachen sin spesialkompetanse og erfaring, ser dei på som spennande.

– Vi startar med Askøy, så får vi sjå framover om og invitere andre skular til å høyre med Askøy korleis det har gått, seier Cecilie.

Det er eit stort apparat som skal i sving med fleire etatar. Skal ordninga fungere som i Nederland, må ressursar få frikjøpt tid til å vere coach og dei må kursast. 

møte med en Pluscoash
MØTE: Møte med ein "pluscoach" i oppdrag på skulen i Den Haag.

 

Slik fungerer den nederlandske modellen

  • Steg 1: Skulen tek kontakt med organisasjonen Pluscoach når dei ser at ein elev har utfordringar og skulen ikkje klarar å løyse dette sjølv.
  • Steg 2: Ungdommen får ein kopling med ein coach innan 5 dagar. Pluscoach har kontraktar som kan tilby ekspertise og rettleiing innanfor ulike felt som  familieproblem, åtferdsproblem, lærevanskar, psykiske problem, rus o.l.
  • Steg 3: Pluscoachen har møte med og jobbar med ungdommen i 3-6 månader. Dei jobbar i tre fasar: Legge basis og bli einige om realistiske mål, endring, og jobbe for at endringa varar.
  • Til slutt har dei ei sluttevaluering. Etter 6 månader syner tala at 90 prosent av elevane blir verande i skulen.