Lågare vekst i folketalet i fylket

Hordaland har lågare nettoinnflytting og lågare nettoinnvandring samanlikna med tall frå i fjor. Lågkonjunkturen i oljenæringa er truleg årsaka til dette. Rapporten Hordaland i tal syner og at fylket har behov for 85 000 fleire bustader fram til 2040.

Bergen har hatt lågare vekst i folketalet enn i landet som heilskap og ligg no på femte plass av dei norske storbyane. Veksten i vestlandsbyen har berre vert på 0,8 prosent mens Oslo ligg på topp med ei auke på 1,7 prosent i folketalet. Bergen blir også forbigått av byane Trondheim, Kristiansand og Tromsø, som alle kan vise til større auke i folketalet.

Samanheng mellom innflytting og ordretilgangindeksen

I Hordaland er fødselsoverskotet større i 2015 enn de føregåande årene, men nettoinnvandringa har gått merkbart ned i tillegg til at den innalandske flyttinga er låg. Dette er bakgrunnen for at aukinga i folketalet i Hordaland berre er på 1 prosent.

I både denne og tidligare rapporter kan ein sjå ein tydelig samanheng mellom innflytting og ordretilgangindeksen for eksportindustrien i Hordaland. En kan derfor ikkje sjå bort i frå at lågkonjunkturen som dei petroleumsorienterte bransjane no opplever gjer sitt utslag på folketalet i fylket. 

Nokre kommunar i Hordaland opplever også merkbar folkevekst og kommunane kring Bergen står for den største prosentvise veksten det siste året. Os har den største auka med 3,4 prosent og fortsett dermed å vekse, noko kommunen har gjort i over femti år.

Aleinebuande og par utan barn har størst behov

Fram til 2040 vil det vere behov for over 85 000 fleire bustadar i Hordaland. Av desse vil Bergen trenge om lag 48 000, Vest 14 000 medan Sunnhordland og Nordhordland vil ha behov for høvesvis 8 000 og 6 000. Minst behov vil det vere i Hardanger og Voss, som i alt treng 1 100 fleire bustader.

Bustadbehovet for aleinebuande utgjer 44 prosent av veksten, som utgjer i underkant av 38 000 bustader. Par utan barn utgjer 26 prosent, kring 22 500 bustader. Desse to gruppene har dermed størst behov for nye bustader.  Par med barn treng i overkant av 14 500 bustader med deira del på 17 prosent forventa auke i bustadbehovet.

Dette er nokre av dei tema som er presentert i den nyaste utgåva av Hordaland i tal – folketal og demografi, utarbeida av analyseeininga i Hordaland fylkeskommune.