Inngår samarbeid om antidoping

– Arbeidet mot doping er ei viktig samfunnsoppgåve, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Den nye avtalen gjer Hordaland til eit av dei fremste fylka på antidopingarbeid i landet.

Hordaland fylkeskommune og Antidoping Norge signerte torsdag ein samarbeidsavtale som skal bygge nulltoleranse til dopingbruk hos ungdom.

Målgruppa for prosjektet «Lokal mobilisering mot doping» er elevar og lærlingar i fylket. Prosjektet skal dessutan gjere yrkesgrupper innan helse og opplæring betre rusta til å førebyggje dopingbruk i sine miljø.

Uoppnåelege kroppsideal gjer at mange unge tyr til ulovlege stoffar for å få den rette utsjånaden.

– Som i alt folkehelsearbeid er det viktig å nå ungdommen, for å bidra til gode haldningar. Derfor er eg spesielt nøgd med at prosjektet rettar seg mot dei vidaregåande skulene våre, seier Hestetun.

Ein av dei beste

– Hordaland er eit av dei fremste fylka på antidopingarbeid i Norge. Det er det tredje av fire fylke som har slutta seg til arbeidet vårt. Her er det politisk vilje til å gjere noko på eit område mange vel å styre unna, seier Frode G. Hestnes, assisterande dagleg leiar i Antidoping Norge.

– Vi skal no tilsette ein prosjektkoordinator i 40 prosent stilling i Hordaland. Det er viktig for oss å bygge opp kompetansen her i fylket, seier han.

Antidoping Norge er ei uavhengig stifting som arbeider for ein rein idrett og eit dopingfritt samfunn. Dei driv mellom anna haldningsskapande og førebyggjande arbeid og står bak dopingtestar av idrettsutøvarar i heile landet.

Eit samfunnsproblem

Prosjektet begynner i august og varer i to år. Hordaland fylkeskommune er med å finansiere prosjektet med 400 000 kr. Fleirtalspartia prioriterte pengar til dette prosjektet i deira budsjettvedtak i fylkestinget i desember.

– Doping er eit samfunnsproblem, og idretten sjølv gjer ein fantastisk jobb. Dei tek over 3000 dopingtestar kvart år for å avdekke doping. At vi kan bidra til meir førebygging ser eg som svært verdifullt, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.