Fylkeskommunalt stipend til fem idrettstalent

– Stipendet har mykje å seie for vidare satsing, sa kickboksar Mariell Gaasand Straume då ho fekk 25 000 kroner i utviklingsstipend frå Hordaland fylkeskommune. I alt fekk fem idrettsutøvarar stipend. Det var 21 kandidatar til stipenda frå sju kommunar i fylket.

Desse får stipend:

• Didrik Wie-Soltvedt (f. 1996), roing, Bergen Roklubb,

• Sindre Henriksen (f. 1992) skøyter, Fana IL,

• Sindre Ure Søtvik (f. 1992), kombinert, Eldar IL,

• Markus Lie (f. 1995) svømming, Bergensvømmerne,

• Mariell Gaasand Straume (f. 1997), kickboksing, Fana Kickboksingklubb,

Stipenda var delt ut av leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling, Beate Husa, på fylkestinget 14. desember i Terminus Hall i Bergen. Fire av stipendmottakarane var til stades.

Utviklingsstipend

Fylkeskommunen sine utviklingsstipend innan idrett kan tildelast einskildutøvarar, trenarar og dommarar. Ein person kan berre få slikt stipend ein gong.

Målet med stipenda er å gje mottakarane stimulans og høve til vidareutvikling i si idrettsgrein. Ved tildelinga av stipend vert det lagt vekt på: idrettsprestasjonar, potensial og planar for vidare satsing innan idretten.

Hordaland idrettskrets/Olympiatoppen Vest-Norge har delteke i prosessen med å vurdere kven av dei 21 søkjarane innan 13 ulike idrettar (6 jenter og 15 gutar) som var best kvalifisert til å få Hordaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend for 2016. Vedtak om kven som skal tildelast stipend, er gjort av kultur- og ressursutvalet.

Utøvarane

Kort om dei einskilde utøvarane som er heidra:

• Didrik Wie-Soltvedt (f. 1997), roing, Bergen Roklubb. Han har oppnådd 8. plass i U-23 VM dobbeltfirer lettvekt og 3. plass i World Cup dobbeltfirer lettvekt. Han har mål om medalje i U-23 VM 2017 og satsar mot OL  2020 i dobbeltfirer.

• Sindre Henriksen (f. 1992), skøyter, Fana IL. Han tok 7. plass i VM 1500 m, 2. plass i World Cup lagtempo, NM-gull på 1500m og klatra 340 plassar på adelskalenderen. Han har klar målsetting om topprestasjoner i OL 2018 og 2022.

• Sindre Ure Søtvik (f. 1992), kombinert, Eldar IL. Han vart nummer to 2 i NM senior 2016 og har fleire plasse-ringar i COC-renn. Han har mål om medalje i OL i Pyeongchang i 2018.

• Markus Lie (f. 1995), svømming, Bergensvømmerne, Han har sletta den 26 år gamle norske rekorden på 100 m fri og er første nordmann under 50 sek. Han deltok i finalen i EM langbane mixstafett. Han var 0,9 sekund frå OL-kravet  til Rio. Hovudmålet hans er OL i Tokyo i 2020.

• Mariell Gaasand Straume (f. 1997), kickboksing, Fana Kickboksingklubb, Ho tok bronse i junior-VM  -60 kg fullkontakt, gull i jr-D 60 kg Scandinavian Open og gull i jr-D 56 kg World Cup i Italia fullkontakt (kåra til beste fighter). Ho er og kåra til årets talent i Norge av Norges Kickboksingforbund.

IdrettTRondNymarkIMG4146.JPG

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun heidrar Trond Nymark for gullmedaljen han tok i kappgang under VM i Berlin.

Heider for særlege idrettsprestasjonar

12 idrettsutøvarar i Hordaland er heidra av Hordaland fylkeskommune for svært gode prestasjonar i 2016. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun delte ut heideren på fylkestinget i Bergen 14. desember.

Hordaland fylkeskommune si utmerking for særlege idrettsprestasjonar er tildelt desse:

• Kristoffer Brun, bronsemedalje i roing - dobbelt sculler lettvekt OL i Rio 2016

• Stine Skogrand, gullmedalje handball, VM København, Danmark 2015

• Stian Schetlein, gullmedalje i vassjet - parallell slalom ski GP 1 VM i Shanghai, Kina 2016 og sølvme-dalje ski GP1 vassjet VM Denia, Spania 2016

• Sverre Lunde Pedersen, sølvmedalje i skøyter – lagtempo, bronsemedalje i skøyter - 5000 meter VM Kolomna, Russland 2016 og sølvmedalje i skøyter - All-round VM Berlin, Tyskland 2016

• Monika Engeset, sølvmedalje i kickboksing - Point fight VM i Dublin, Irland 2015

• Daniel Svae Andersen, sølvmedalje i vassjet - ski GP2 VM i Denia, Spania 2016

• Milton Barrios Galarreta, bronsemedalje i kickboksing – fullkontakt VM i Dublin, Irland 2015

• Bjarte Vik Larsen, bronsemedalje i styrkeløft – benkpress, VM i Killen, Texas, USA 2016

• Ulrik Berntsen, bronsemedalje i vassjet - ski GP3 VM i Denia, Spania 2016

• Andreas Bakkerud, bronsemedalje i rallycross VM samanlagt

• Cecilia Brækhus, verdsmeister i proffboksing i klassen weltervekt i forbunda WBA (World Boxing Association), WBC (World Boxing Council), WBO (World Boxing Organization) og IBF (International Boxing Federation)

• Trond Nymark, gullmedalje kappgang – 50 km VM i Berlin 2009

«Idrettsbilete»

Alle fekk eit bilete i Sveinung Iversen sin serie «Idrettsbilete». Seks av utøvarane var til stades då fylkesordførar Anne Gine Hestetun Nilsen tildelte utmerkinga under fylkestinget i Terminus Hall i Bergen.

Hordaland fylkeskommune si utmerking av særlege idrettsprestasjonar heng svært høgt. Det er idrettspresta-sjonen som kvalifiserer til utmerkinga. Kravet er medaljeplassering i verdsmeisterskap eller olympiske leikar. Verdsrekordar og siger i verdscupen samanlagt kvalifiserer også til fylkeskommunen si utmerking. Utøvarane må representere ein klubb frå Hordaland.