Får nest mest Erasmus+ midlar i landet

Tildelinga på 302 000 euro til mobilitetsprosjekt  gjer det mogleg for Hordaland fylkeskommune å sende sende yrkesfagelevar, lærlingar og tilsette ved utdannings- og opplæringsinstitusjonar på praksisopphald i Europa. Ei av dei som får nyte godt av ordninga er lærlingen Princess Dayo Williams (20) som har utveksling på den anerkjente restauranten Mathias Dahlgren i Stockholm.

– Grunnen til at eg søkte om utvekslingsopphald var at et ville reise utanlands for å oppleve ein annan kultur. Tru det eller ei, det er ein heilt annan kultur i Sverige, seier Princess. Ho opplevde svenskane som meir lukka enn nordmenn. Det tok tid å bli kjent med folk i starten, men etter tre månader vil ho ikkje reise heim igjen.

Systematisk arbeid over tid

Hordaland fylkeskommune har i fleire år vært blant dei fylka i landet som får mest midlar til mobilitetsprosjekt innan yrkesfag, såkalla VET-mobilitet (Vocational Education and Training). Det er Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) som forvaltar Erasmus+midlar i Norge. Midlane på 302 000 euro gjeld for prosjektperioden 2016-18. Kvart år søkjer Hordaland fylkeskommune om midlar på vegne av yrkesfagskular og opplæringskontor i fylket. Hordaland er eit av få andre fylker som gjer det på denne måten.
Direktør i SIU Harald Nybølet seier at grunnen til at Hordaland fylkeskommune får så stor utteljing i Erasmus+ VET-mobilitet først og fremst er at dei har arbeidd godt og langsiktig med dette over tid.
– Fylkeskommunen jobbar veldig bevisst og legg til rette for lærling-mobilitet i tett samarbeid med næringslivet. Dei bruker sine kontaktar og nettverk på ein god måte og viser at koplinga mellom utdanning og arbeidsliv gir resultat, seier Nybølet.

Skal bli verdsborgarar

Rådgjevar Lene Fjeldsbø i Hordaland fylkeskommune seier at Erasmus+-ordninga gjer at ein kjem langt på veg med på å oppfylle måla i den internasjonale strategien om å gjere elevane til verdsborgarar.
– Ungdommane får både formell og uformell kompetanse. Dei lærer mykje og føler mestring av å tilpasse seg eit nytt miljø. Dette er noko dei veks på og får motivasjon av, seier Fjeldsbø

Streng disiplin

Princess måtte i høgste grad tilpasse seg eit nytt miljø på restauranten Mathias Dahlgren som kan skilte med to stjerner i Michelinguiden. Restauranten som er delt i avdelingane Matsalen og Matbaren set høge krav til sine tilsette.
– I starten arbeidde eg i Matsalen som er den finaste delen av restauranten. Der var det streng disiplin og veldig intenst å arbeide. Gjorde ein feil fekk ein høyre det, seier Princess. Etter ein periode begynte ho å jobbe i Matbaren som har ein meir uformell og avslappa atmosfære.
– Det er litt friare her, noko som passar meg bra. Men nivået er likevel høgt og det er mykje action, seier ho.

Fekk jobbtilbod

Princess skal etter planen tilbake til Bergen og restauranten 1877 der ho er lærling i slutten av november. Men det var før ho fekk tilbod om jobb.
– Tar eg imot jobben for eg ansvar for koldtstasjonen i restauranten. Det er veldig spennande og gøy med gode tilbakemeldingar, men eg har ikkje bestemt med endå, seier Princess.
Ho oppmodar andre lærlingar som lurer på å reise utanlands til å søkje.
– Ein treng ikkje være kjempeflink berre ein viser at ein har lyst og er villig til å lære. Det er viktig å spørje – sjølv om ein tenker at spørsmåla er dumme.