Får midlar frå Interreg Nordsjøprogrammet

Tre ulike prosjekt på Vestlandet har fått midlar gjennom Interreg Nordsjøprogrammet der Hordaland fylkeskommune har rolla som nasjonalt kontaktpunkt.


To av prosjekta som mottar prosjektmidlar er BEGIN og SHARE NORTH der Bergen kommune er partnar. BEGIN som mottar 300 000 euro handlar om oversvømming og korleis lokalsamfunn kan bidra til vedlikehalde miljøvenleg infrastruktur. 270 000 euro går til SHARE NORTH som dreier seg om delingsøkonomi i urban transport. I tillegg får NorthSEE på Havforskingsinstituttet 66 000 euro. I dette prosjektet står arealplanlegging til sjøs sentralt. På landsbasis er 24 prosjekt godkjent av totalt 53 som har søkt om støtte.

Nordsjøprogrammet har fire innsatsområder: vekst, grøn innovasjon, miljø og bærekraftig transport og mobilitet. Fram mot 2020 skal 167 millionar euro gå til transnasjonale samarbeidsprosjekt i landa rundt Nordsjøen. Hordaland fylkeskommune tilbyr rådgjeving til søkjarar og deltakarar i Nordsjøprogrammet.

– Takka være midlane frå Interreg Nordsjøprogrammet er det mogleg for oss å gjennomføre Share North-prosjektet, seier Lars Kvalbein, rådgjevar for mobilitet og prosjektleiar for Share North i Bergen kommune.

Delingsfilosofi

I Share North skal ein finne smartare deleløysingar innan mobilitet – for eksempel gjennom bildeling, samkøyring, tilgang på bysyklar og lastesyklar. Kort sagt gjennomføre tiltak som omhandlar delingsfilosofi, menneskevennlig byutvikling og lågare klimautslepp.

– I prosjektgruppa sit både byar, forskarar, private aktørar, organisasjonar og non profitt-organisasjonar (NGO) frå land rundt Nordsjøen. Byen Bremen er vår «lead partner», noko som inneber å ha rolla som prosjektleiar, seier Kvalbein.
Han synes det er forbausande mange liknande problemstillingar folk arbeider med i nabolanda våre.

– Erfaringsutvekslinga er inspirerande, gir gode kontaktar og nyttig informasjon ein kan ta rett heim i sitt eige arbeid.

Levande laboratorium

I Share North skal ein arbeide i såkalla levande laboratorium. Dette inneber å prøve ut tiltak i praksis i eit område for å sjå kva ein kan få til. Møhlenpris skal være levande laboratorium i Bergen.

– Eit av tiltaka vi skal prøve er såkalla mobilpunkt. Systemet som vi har lært av Bremen går ut på å lage knutepunkt på strategiske stader i byen der dei alternative transportløysingane blir synleggjort. Ein stad der ein for eksempel har tilgang til både bysykkel, delebil og kollektivtransport, seier Kvalbein.

Hårete mål

Bildeling er spesielt viktig i prosjektet. Share North skal bygge opp om målsettinga til Bergen kommune som omhandlar å redusere talet på bilar frå 1,35 til ein bil per husstand innan 2025.

– Dette høyres lite ut, men det inneber å kvitte seg med 40-45 000 bilar, samt ti gonger oppskalering av bildelingstilbodet, seier Kvalbein.

Omfattande søknadsprosess

Å søkje om midlar frå Nordsjøprogrammet er relativt omfattande. Ein må rekne om lag eit halvt år på heile prosessen. Søknadsfristen for nye prosjekt er i juli 2017. Kvalbein har eit råd til nye søkjarar.

– Det er alfa og omega å finne ein god prosjektleiar som har erfaring innan feltet, i vårt tilfelle Bremen. Dette er mellom anna for å klare å manøvrere seg gjennom EU-byråkratiet i søkeprosessen.

Fakta/

  • Interreg er EU sitt program for å fremje sosial og økonomisk utvikling over landegrensene gjennom regionalt samarbeid.
  • Nordsjøprogrammet er eit av programma innan Interreg. Hordaland fylkeskommune har rolla som nasjonalt kontaktpunkt i Nordsjøprogrammet og er rådgjevingsteneste for søkjar og deltakar.
  • Programmet har eit budsjett på 167 millionar euro frå EU.
  • Nordsjøprogrammet skal bidra til smart, inkluderande og bærekraftig vekst i Europa ved å fremje betre tilgjengelegheit, bærekraftig transport og miljøtiltak i heile regionen.