Ettertrakta barnetannlegar på plass

Norge har kun 20 pedodontistar i klinisk teneste. Sverige har 125. No får Bergen to nye tannlegar som har spesialisert seg på barn og unge.

Vestlandet skrik etter spesialistar i pedodonti. På Vestlandet kan vi enkelt telje dei som jobber som det: to i Rogaland og fem i Bergen.

Denne veka blei Anne Marit Grue og Maren Lillehaug Agdal uteksaminsert, som dei første tannlegane som Hordaland fylkeskommune har utdanna som spesialistar til å behandle barn og unge. Begge jobbar ved Tannhelsetenesta Kompetansesenter vest på Årstadvollen.

Stort behov

Dei er svært ettertrakta. Norge har kun 20 pedodontistar i klinisk teneste. Til samanlikning har Sverige 125 pedodontistar og 15 stillingar står ledige.

– I 2012 blei berre 0,03 prosent av barn og unge i 2012 henvist til barnetannlege, når ein kan forvente at rundt 1,0 prosent skulle bli henvist. I dag er talet hedigvis noko høgare. Men det er grunn til å tru at barn med behov for særleg omfattande og komplisert terapi ikkje får eit fullverdig og optimalt behandlingstilbod, seier Marit Slåttelid Skeie, spesialist i pedodonti ved UiB.

Nesten 10 prosent av barn og unge har ein eller annan form for sjukdom eller funksjonsvær som kan føre til dårlegare tannhelse. 6 til 7 prosent av norske niåringar manglar permanente tenner. Mange unge kan ha angst for tannbehandling og ut frå dette få ei dårleg tannhelse.

Lang erfaring

Spesialistutdanninga har teke tre år. Den er betalt av Hordaland fylkeskommune med tilskot frå staten.

– Vi er glade i å jobbe med barn og har lang erfaring som tannlegar, seier Anne Marit Graue og Maren Lillehaug Agdal.

– Det har vore eit spennande, interessant, krevjande og lærerikt studium. Vi har køyrt eit samløp med mykje felles undervisning. Dette er eit klinisk studium basert på problembasert læring. Det medfører at vi har behandla mange pasientar. Vi tek imot pasientar som blir tilvist med ulike problemstillingar, seier dei.

Dette gjer ein spesialist i barnetannhelse

  • Dei lærer å ta hand om barn og unge som har behov for spesiell kompetanse når det gjeld komplekse orale tilstandar, til dømes alvorleg sjuke og funksjonshemma barn, og dei med syndrom.
  • Dei har kunnskap og ferdigheiter innan tilgrensa fagområde som pediatri, barnepsykologi, helsepedagogikk og farmakologi.
  • Dei er godt skikka til å vere rådgjevarar og rettleiarar for allmenntannlegar, i forbindelse med kompliserte og sjeldne kasus.