42 meter lang kunst på Bybanens endestopp

Juryen har tala, og det er Anders Sletvold Moe sitt veggrelieff «Modulære refleksjoner» som har vunne konkurransen om å få prege endestoppet til Bybanen på Flesland.

Vinnaren er fødd i 1978 i Steinkjer, og bur i Oslo. Han har kunstutdanning frå både Stavanger og Malmö, og har ei rekkje utstillingar og utsmykningar bak seg. I Bergen står han mellom anna bak ein utandørs skulptur i betong med lys i og eit veggmaleri ved NHH.

Det er ein glad vinnar på Flesland tysdag.

– Det er det største kunstverket eg har laga, og det blir utfordrande å komme i gang, seier han.

No begynner planlegginga, og neste sommar skal det 42 meter lange kunstverket opp på veggen.

– Eg skal jobbar saman med verkstaden Bolt metall i Oslo som eg har jobba med før. Det er trygt å ha dem med, dei er nøye, noko som er viktig i eit verk med så høg finish. Det krev presisjon i handverket. Vi skal produsere modul for modul à 3 x 0,4 m, til saman 8 moduler som kan kombinerast, seier han.

Han synes det er stas å få eit så prestisjefullt oppdrag.

– Eg kjenner dei fire andre eg konkurrerte med, og det har vore ein tøff konkurranse med så flinke folk! Eg måtte verkeleg gi alt, utropar han.

Også lufthavndirektør Aslak Sverdrup er fornøgd med kunstverket:

– Vi vil gratulere Bybanen med valg av kunstverk og berømme kunstneren for et estetisk flott verk som vil bli til berikelse for lufthavnen og passasjerene i lang tid framover, seier han.

bybanekunst

Illustrasjon: Anders Lian

Ulike vinklar

Her er kunstnaren sitt framlegg og grunngiving frå juryen:

Anders Sletvold Moe gjer framlegg om eit veggrelieff i aluminium og syrefast stål. Relieffet er bygd opp av 84 modular på 0,4 x 3 m, og har ei djupne på 0,3 m. Rammeverket er i aluminium, medan syrefaste Rimexplater i varierande fargar, struktur og glans dannar eit relieff av trekant-og diamantformer. Arbeidet har formmessige koplingar til fasadeplater brukt på Avinor sitt terminalbygg. Samla utgjer modulane ein langstrakt komposisjon på 2,4 x 42 m på den 56 meter lange betongveggen.

“Verkets relieff gjør at kunstverket er i stadig forandring når man beveger seg fram og tilbake på perrongen, eller står og betrakter verket fra ulike avstander og vinkler. Det er et statisk arbeid rent fysisk i sin oppbygging av robuste materialer, men det aktiveres gjennom brukerne av stedet og refleksjonene av omgivelsene, og er på den måten i konstant bevegelse. Betrakteren blir en medskaper av verket. Dette er en viktig egenskap i kunstverket som gjør at det har klare paralleller til det å reise og forflytte seg.”

Anders Sletvold Moe har levert eit særs grundig og gjennomarbeidd framlegg. Presentasjonen er god, og inkluderer modell av enkeltmodular, materialprøver og ein video som på ein overtydande måte illustrerer verket.

Modulære refleksjonar er på mange vis lågmælt i sin nære dialog med arkitektur og rom, men står fram og som eit verk med sjølvstende og i eigen rett. Det er basert på ein klår formal idé med enkle formvariasjonar og -repetisjonar. Heilskapen er stram, men dei interne variasjonane og spelet dei skapar, er samstundes komplekst.

Modulære refleksjoner er godt dimensjonert og presist plassert. Den langstrakte forma gjev assosiasjonar til fart og dynamikk, og bidreg og til å gje verket eit moderne preg, jamvel om referansane til 1960-talets kunst og arkitektur er sterke.  Materialane leiker med omgjevnadane og spelet dei skapar vil kunne engasjere dei reisande, utan at det vert påtrengjande. Ein kan sjå dei ulike speglingane som ei framheving av mangfald, og såleis stør dette intensjonane i kunstplanen. Juryen trur verket vil kunne vera interessant å møte igjen og igjen, og at det vil stå seg godt gjennom tid. Modulære refleksjonar speler på lag med arkitekturen sitt rom og materialitet, og bidreg til at endestoppet til Bybanen på Bergen Lufthavn Flesland blir ein stad der kvalitet og varige verdiar er  det framtredande.

Konklusjon frå juryen

«Det er levert fem særs ulike framlegg med potensiale til å verte interessante kunstprosjekt for Bybanen sitt endestopp på Bergen Lufthavn Flesland. Juryen har gått grundig gjennom alle og vurdert dei ulike aspekta ved dei. Juryen sin konklusjon er basert på ei vurdering av dei kunstnarlege kvalitetane, og ei forsøksvis vurdering av korleis prosjektet vil fungere i samspel med omgjevnadene og dei reisande over mange år. Alle prosjekta vil kunne la seg realisera teknisk og innafor budsjett.

Sjølv om fleire av framlegga har potensiale, skil eitt seg ut som særs godt og velutvikla; prosjektet Modulære refleksjoner av Anders Sletvold Moe. Den kunstnarlege idéen er enkel i seg sjølv, med vekt på formmessige variablar og dialog med omgjevnadene. Det viser til - og styrkjer - dei formale og materielle kvalitetane på staden, men evner likevel å vera noko i seg sjølv. Grunna dei blanke platene på skrå ut frå veggen, vil himmel, nærliggjande arkitektur og omgjevnader spegle seg i verket og bidra til ein langt meir skiftande fargeskala enn det avgrensa fargevalet skulle tilseie. Refleksjon av andre overflater og menneske i bevegelse aktiver flatane på eit vis som gjev store skilnader i korleis verket framstår frå ein situasjon til ein annan; frå det sobre, stille til det meir bevegelege og fargesterke. Det lange og smale formatet er presist og elegant forma, og gjev verket ei understreking av fart og dynamikk.

Juryen meiner dette vil kunne fungere godt for alle brukarar av Bybanen sitt endestopp på Flesland, og at det vil tole gjensyn igjen og igjen. Det vektlegg kvalitet, samanheng og tidløyse, men er og dynamisk og moderne. Verket er teknisk robust, og planane for gjennomføring godt gjennomarbeidde.

Anders Sletvold Moes Modulære refleksjoner er vinnar av konkurransen om kunstprosjekt til Bybanen sitt endestopp på Flesland. Vedtaket er samrøystes.»

Anders Sletvold Moe og Ronny Skaar
Anders Sletvold Moe blir gratulert av Ronny Skaar, utviklingsjef ved kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Jury:

  •     Jørgen Blitzner, kunstkonsulent og leiar for juryen
  •      Hilde Skjeggestad, kunstkonsulent
  •      Ronny Skaar, HFK, kultur- og idrettsavdelinga, administrativ leiar
  •      Tone Stedal Haugland, HFK, kultur- og idrettsavdelinga
  •      Grete Riis, Bergen kommune, 
Seksjon for kunst og kultur

  •      Sølvi Marie Myrseth, Bybanen Utbygging 

  •      Are Hauffen, Hordaland kunstsenter



 

Bakgrunn

I samsvar med stadfesta kunstplan for Bybanen, byggetrinn 3 og delplan Flesland, inviterte Hordaland fylkeskommune hausten 2015 fem kunstnarar til ope prekvalifisering om kunstprosjektet. Av dei i alt 78 som melde si interesse, vart fem inviterte til ein lukka konkurranse. Dei andre kunstnarene var Azar Alsharif; Dyveke Sanne; Marius Dahl og Jan Christensen; og Stian Ådlandsvik og Lutz-Rainer Müller.

Oppdragssum er kr 1,65 millionar kroner. Arbeidet skal vere avslutta i juni 2017, slik at det er klart når Bybanen får sitt endestopp ved Bergen Lufthavn Flesland. Her byggjer Avinor ein ny flyplassterminal som skal stå ferdig sommaren 2017. Bybanen sin haldeplass vert ein integrert del av terminalen. Området som er avsett til kunst er ein ca. 7 meter høg og 56 meter lang betongvegg på austsida av plattformene. 

Illustrasjon: Anders Lian