Betre tannbehandling av barn som er redde for sprøyter

– Dette har vore ein periode med bratt læringskurve, seier Karin G. Berge som har teke doktorgrad på tannbehandling av barn som er redde for sprøyter. Ho fann ut at 14 prosent av barn 10 til 16 år i Hordaland har høg frykt for tannlegesprøyter.

Utgangspunktet for doktorgraden er at ein del barn og unge ikkje torer ta bedøvingssprøyte og difor ikkje får nødvendig tannbehandling. Dette kan gje alvorlege konsekvensar for tannhelsa.

Karin G. Berge arbeider ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland (TkVest/Hordaland) og er den første som tek doktorgraden ved eitt av dei seks regionale kompetansesentra i odontologi.   Ho tok mastergraden i 2009 og har sidan 2013 arbeidd med doktorgraden.

Ny måte å tenke på

– For meg har det vore ein heilt ny måte å tenke på. Det har vore både oppturar og nedturar, men ved hjelp av fantastiske rettleiarar kom eg i mål, seier Berge.

Fylkestannlege Arne Åsan er stolt og glad.

– Dette er ein viktig milepæl både for i tannhelsetenesta og Hordaland fylkeskommune. Ho er den første med tilknyting til kompetansesenteret vårt og den første ved eit regionalt odontologisk kompetansesenter i landet som disputerer for doktorgraden, seier Arne Åsan.

– Vi er fleire stipendiater ved kompetansesenteret som har dratt stor nytte av å kunne jobbe saman. Å vere den første som disputerer, spelar ikkje så stor rolle for meg, men det er svært kjekt å få høve til å ta doktorgraden her, seier Berge.

DoktorAlleN1000B3768.jpg

Professor Gunnila Klingberg ved Malmø høgskola i Sverige (f.v.) var første opponent under disputasen, professor Anne Nordrehaug Åstrøm ved Universitetet i Bergen, leia disputasen, Karin G. Berge, tok doktorgraden, Pia Wogelius, ved Aalborgs Kommunes Tandpleje, Danmark, var 2. opponent og Torgils Lægreid ved Universitetet i Bergen var 3. medlem i doktorgradskomiteen.

Skal gjere det enklare for pasientane

Det var ikkje tilfeldig at Karin G. Berge valde dette emnet.

– Eg har hatt interesse for å jobbe med engstelege pasientar sidan studietida. Då skreiv eg prosjektoppgåve om redde pasientar. Det gav meirsmak, og det å kunne fordjupe seg i eit tema eg er interessert, har vore svært fint. Det er god motivasjon å kunne gjere det enklare for desse pasientane å gå til tannlegen.

I doktorgradsstudiet fann ho ut at 14 prosent av barn og unge mellom 10 og 16 år i Hordaland har frykt for tannlegesprøyter. Kvar tiande deltakar sa at dei ville unngå tannhandling om dei fekk sprøyte. Men studiet viste og at dei fleste med skrekk let seg effektivt behandle i løpet av fem enkeltståande behandlingstimar.  I doktorgradsarbeidet prøvde Berge og ut ein ny skala for å måle symptoma av frykt. Studiet viste at denne nye skalaen fungerte godt.

Både pasientar og forsking

Etter vel gjennomført og bestått doktorgrad ser Karin G. Berge framover til vidare arbeid ved kompetansesenteret i Bergen.

– Eg skal halde fram med å jobbe med redde pasientar på Senter for odontofobi. Eg håpar og at det skal bli tid til litt forsking, seier Karin G. Berge.