Årstad er blitt ein skule for framtida

– Vi er blitt ein skule for framtida, seier fungerande rektor Sigurd Trageton. Sidan 2004 er Årstad videregående skule blitt oppussa for 750 millionar kroner. 18. august tek 1150 elevar og 170 tilsette i bruk den største vidaregåande skulen til Hordaland fylkeskommune med eit brutto areal på 32.000 kvadratmeter.

Det er ein stolt rektor som viser oss den nyoppussa skulen.
– No er vi nærmast i mål med oppussinga av A-bygningen. Vi har fått ein svært fin skule. For første gong på 20 år har vi samla alle ressursane. Dei tre bygningane heng saman som ein bygning. Vi kan gå tørrskodd over heile skulen. No er vi spente på korleis det vil fungere i undervisinga, seier Sigurd Trageton.

Verneverdig bygning

Årstad videregående skole fremstår som ein ny skule. Den høge standarden blir sett alt då vi går inn hovuddøra. Dei fem fantastiske glasmåleria til den verdskjende kunstnaren Benny Motzfeldt tek i mot oss. Der har kunstnaren skildra yrkesaktivitet som elevane skal lære. Bygningen vart oppført i 1963 og er verneverdig. Det sette strenge krav til oppussing og modernisering.

ArstadGlass.jpg

Dei flotte glasmåleria som Benny Motzfeldt laga til opninga i 1963, tek i mot oss når vi går inn hovudinngangen til Årstad videregående skole.

Hjartet i skulen, den store aulaen, er ført tilbake til slik den var i 1963. Golvet er restaurert i dei originale fargane. Veggane er kalka lyse. Dei raude mursteinsveggane har fått sin gamle farge attende. Kunsten på veggane er teken vare på. Trebenkar er på plass, slik det var, og vindauga ut mot Danmarks Plass har fått trekarmar der elevane kan mingle og setje frå seg ting.

Ei perle

– Skulen er blitt ei perle, seier avdelingsleiar Rita Gjerde. Dei tilsette gjev skryt til dei som har stått for restaureringa, Origo arkitektgruppe og Hordaland fylkeskommune.
– Vi har fått eit stort og solid hus med sjel.

ArstadBad.jpg

– Vi kan ikkje tru at vi er på ein vidaregåande skule, seier avdelingsleiar Rita Gjerde og avdelingsleiar og fungerande assisterande rektor Kari Danielsen ved boblebadet på velvereavdelinga.

Avdelingsleiar Rita Gjerde har mykje å vere stolt av, men ho trekkjer spesielt fram det nye hudpleie, frisør og velveresenteret.
– Alle er velkomne om dei vil ha stelt håret, seier Gjerde. Her lærar elevane alt om hårstell. Lenger inne i den store etasjen er velveresenteret med hudpleiesalong, manikyr, boblebad og massasjestol.

Ikkje lenger rein yrkessskule

For første gong er ikkje lenger Årstad ein rein yrkesskule.
– No blir vi ein kombinert skule med ein klasse på studiespesialisering og ein klasse på det nyoppretta faget kunst, design og arkitektur. Vi held fram med to klassar på påbygging det tredje skuleåret for at elevane skal få studiekompetanse. Vi skal planleggje kva programfag vi skal tilby på vg2 og vg3, men dei skal stå i stil med det som skulen tilbyr av fag. Skulen er inne i omstilling der vi skal stake ut nye pedagogiske verkemiddel for å kome meir i takt med det samfunnet vi er ein del av. Vi vil førebu elevane på det arbeidslivet vil krevje i framtida, seier avdelingsleiar Kari Danielsen.

ArstadVelvere.jpg

Ei eiga velvereavdeling blir opna i A-bygningen.

50 lærlingar

Dei 1150 elevane omfattar 900 på ordinær vidaregåande skule, 200 på vaksenopplæring og 50 lærlingar. Årstad videregående skule har desse faga: Design og handverk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, innføringskurs for minoritetsspråklige, kunst, design og arkitektur, medier og kommunikasjon, påbygg generell studiekompetanse, restaurant- og matfag, studiespesialisering, teknikk og industriell produksjon, tilrettelagte grupper og vaksenopplæring.

ArstadTrebenk.jpg

Eva Stene Kolstad, som arbeider med vaksenopplæring, er glad for at dei fine trebenkane er tilbake på den nyoppussa Årstad videregående skole.

ArstadMur.jpg

Musteinsveggen er oppussa og fått tilbake original farge.

ArstadVindu.jpg

Vindauga ut mot Danmarks Plass har fått nyrestaurerte karmar.

ArstadFrisor.jpg

Frisøravdelinga flyttar inn i nye lokale i A-bygningen.

ArstadStol.jpg

Frisørlærar Ann-Kristin Fjellanger prøver massasjestolen ved velvereavdelinga.

ArstadAbygn.jpg

A-bygningen ved Årstad videregående skule er nyoppussa til skulestart.