Arbeidsløysa aukar i Hordaland

Arbeidsløysa i Hordaland har auka med 21 prosent på eitt år. Frå august 2015 til august 2016 er 1681 fleire utan jobb. Totalt er 9788 utan arbeid i fylket. Det er ein auke frå 2,9 prosent til 3,5 prosent av arbeidsstyrken.

Dette går fram av rapporten Hordaland i tal, nr 2 -2016, som Hordaland fylkeskommune legg fram i dag. Den er utarbeidd av seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse.

Dei siste 10 åra har arbeidsløysa i Hordaland lege under arbeidsløysa i Noreg, men i år har den passert landsgjennomsnittet. Og gjennom 2016 har arbeidsløysa auka meir i Hordaland enn i Noreg.

Set inn tiltak

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er uroa over auken.
– Hordaland er eit av dei største eksportfylka i landet og mindre aktivitet i olje- og gassektoren råkar oss hardt. Vi ser alvorleg på at arbeidsløysa aukar meir i Hordaland enn elles i landet. Fylkeskommunen har både i fjor og i år sett inn tiltak for å få arbeidsløysa ned, men vi ser at vi må setje inn ytterlegare tiltak. I budsjettet for neste år vil vi bruke fem millionar kroner av eigne midlar, i tillegg til at regjeringa går inn for å løyve ni millionar kroner til tiltak i Hordaland. Vi må strekkje oss langt for å få fleire i arbeid, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Rapporten viser at arbeidsløysa i Hordaland ligg 0,4 prosentpoeng over landsgjennomsnittet som er på 3,1 prosent. Men under Rogaland der den var 4,5 prosent i august. Det er flest arbeidsledige blant ingeniørar, industriarbeidarar og bygg- og anleggsarbeidarar. Derimot er det færre arbeidslause lærarar og barne- og ungdomsarbeidarar enn for eitt år sidan.

Eksportverdien av fisk aukar

Mindre aktivitet i oljerelaterte næringar går ut over eksporten. Eksportverdien av petroleumsprodukt er nesten halvert sidan 2012. Derimot har eksportverdien av fisk frå Hordaland auka med 157 prosent i same periode.

– Slik sett har den samla eksporten frå Hordaland ikkje gått så mykje ned. Det ser ut til at konsekvensane av oljeprisfallet til dels er blitt utlikna av annan eksport. Det er gledeleg at nedgangen blir kompensert med sterk auke i eksportverdien av fisk, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Større eksport enn før oljeprisfallet

Tala i rapporten viser at eksportverdien i dei sju første månadene i år, samanlikna med same periode i 2015, viser ein nedgang på to milliardar kroner. Men samanlikna med 2014 har eksportverdien frå Hordaland auka med 770 millionar kroner. Eksporten i 2016 er altså større enn før det store oljeprisfallet hausten 2014.

Hordaland i tal nr 2 - 2016 "Næring, innovasjon og kompetanse"